«Gevinst for kven, Monica Mæland?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Per Gunnar Stensvaag.

Gevinst for kven?

I kjend stil kjem kommunalminister Mæland med endå eit utspel om påståtte føremoner og nye argument for kommunesamanslåingar. Ho har fått utarbeidd ein rapport, må veta, same opplegg som ved ei rekkje blå-blå samfunnsomveltingar. Med klare føringar i mandatet handplukkar regjeringa sokalla ekspertar, ref Produktiviteskommisjonen, Vabo-utvalet, Domstolskommisjonen osb., som sjølvsagt gjev ynskja svar. Menon Economics er endå eit knippe konsulentar som kan gni seg i nevene over regjeringa sitt uhemma pengebruk til slikt. Mælands konklusjon etter rapporten om «gevinstrealisering» kan i beste fall kallast selektiv, for kven er det, vyrde kommunalminister, som haustar gevinst?

Rapporten omhandlar Inderøy, Harstad og Sandefjord, sistnemnde aller flinkast i dåverande kommunalminister Sanner si klasse: Då byen la under seg naboane Stokke og Andebu i 2017, losa ein særs nøgd statsråd dei i mål tre år før hovudfeltet. Det heile gjekk altså i hui og hast medan Fylkesmann Erling Lae piska på. Gulrota framfor nasen til Vestfoldtrioen var 70 millionar i reformstønad, men var det nok til å dekka omkostningane ved samanslåinga?

Dei tre kjappe ordførarane fekk ros av Sanner for godt lokalt leiarskap og 600.000 kr for å promotera reform og metode landet rundt. Folkerøystingar hoppa dei elegant over. Slikt er jo for Høgre ein uting. Om so gale skulle skje, tilrådde partiet 75% deltaking og 60% NEI som minstemål for i det heile å vurdera folkeviljen.

Like rotfesta i eit demokratisk bakvendtland er Mæland ved å vera nasegrus overfor blårussen og «ekspertane» framfor å lytta til folket og deira lokalt valde representantar. Ho stod sjølvsagt over konferansen til Lokalsamfunnsforeninga 20-21/1 der ho ville ha møtt ein skare ordførarar, forskarar og anna folk som kjempar mot samanslåingane og sentraliseringa dei fører med seg. Det var nok trivelegare på fest med eit knippe rådmenn, eller kommunaldirektørar som dei no yndar å kalla seg. Begjærlig mottok ho der råd om meir sentral styring og tvang i kommunereforma. Ser ho ikkje at å oppmoda ein statsråd til å tukta og overkøyra lokaldemokratiet, deira eigne arbeidsgjevarar, er djupt illojalt og burde normalt føra til avskjed på grått papir?

Som kommunalminister 2001-2005 nytta Erna òg infrastruktur i iveren over å desimera talet på kommunar. Ein tur til Tustna med bodskapen «Utan samanslåing med Aure - inga bru over Imarsundet» avgjorde saka der. Slik vart det også for Bjarkøyfolket. Om dei tviheldt på lokaldemokratiet, kunne dei berre sitja der med skjegget i postkassa. Argument om ulempene ved å verta ein koloni til byen laut difor vika. Vedtak om samanslåing vart gjort i 2002, stadfesta av kommunestyra i 2010 då spaden endeleg såg ut til å verta sett i jorda.

I 2013, med Bjarkøy borte frå kommunekartet og Erna attende i regjering, no som statsminister, var framleis ingen anleggsmaskiner å sjå. Med sterk tvil om prosjektet nokon gong ville verta realisert, reiste øyfolket eit legitimt krav om gjenoppretting av kommunen og åtvara andre som vurderte samanslåing. Etter kvart tok Troms fylkesting ansvar og vedtok finansiering. Arbeidet kom endeleg i gang i 2015 slik at Sandsøya og sjølve Bjarkøya fekk høvesvis bru og tunnel til nordsida av Grytøya. Fergefritt samband frå sørsida til Harstad by er nok berre å gløyma.

Dei nye ferdselsårene la til rette for ein betre arrondert øykommune. Likevel var det altså truslar om nei til denne infrastrukturen som førte til tap av det lokale sjølstyre Bjarkøy hadde i 175 år. I to overgangsår vart dei tilgodesett med to representantar i Harstad bystyre. Etter valet i 2015 miste Tore Hund sitt eingong so stolte rike sine siste ombodsmenn.

Opninga av Skarnsundbrua i 1991 førte over natta til at Mosvik i praksis fekk Inderøy som næraste nabo. Allereie då vart det naturleg å byta ut samarbeidet med kommunar på Fosen til Inn-Trøndelag, endå meir då siste hinder, bompengar, forsvann i 2007. For ein liten, næringssvak kommune med press på økonomien gjeve førespegla rammevilkår og derav fylgjande resignasjon og styringsslitasje, var det då nærliggjande å greia ut samanslåing. Vedtak om det vart fatta i 2009, folkerøysting halde i 2010. Resultat: 58 % JA. Inderøy stod med opne armar og viste raushet overfor lillebror. Arbeidet i fellerådet leia av to SP-ordførarar gjekk greitt sjølv om Inderøy skulle behalda namnet og administrasjonssenteret i Straumen.

Samanslåinga vart ein realitet i 2012. Framtida fekk visa om skeptikarane fekk rett i otta si for at sentraliseringsstraumen ville gå over Skarnsundbrua i tråd med det som alt for ofte er tilfelle. Denne framtida kom mykje snøggare og meir nedslåande enn sjølv dei største pessimistane hadde spådd. Som det reine skrekkdømet vert det demonstrert korleis intensjonsavtalar ikkje er verd papiret dei er skrivne på. Ein for ein fall brikkene i grunnlaget for samanslåinga, fyrst servicekontoret og lækjaren. Sjukeheimen vart erstatta av omsorgsbustader og oppvekstsenteret var knapt ferdig pusset opp for 35 mill. før det spøkte for skulen. Den vart vedtatt nedlagt i mars 2019 .

Berre 7 år tok det før Mosvik var ribba for det meste, og no angrar både folk og politikarar med ordførarar frå SP, AP og H i spissen. Med fjerninga av kommunegrensa forsvann det siste bolverket mot sentralisering. SP-styre i storkommunen hjelper heller ikkje, for kven kan i lengda stå i mot reknestykka til blårussen og makta til kjøttvekta? Medan dei jublar der den har vunne fram, er det tragedie for dei som mista sjølråderetten og vart ein stemoderleg handsama utkant. Slike dilemma hadde aldri vorte aktuelle dersom kommunegrensa hadde bestått.

Mæland kan ikkje nekta for kva tala fortel og vedgår at dette ikkje er ein sparereform. Det burde ho og Sannar visst ut frå tidlegare røynsler, men aldri før har pengane fått bein å gå på som no. Når ho likevel er freidig nok til å snakka om gevinst, burde ho ha skamvit nok til òg å setja seg inn i situasjonen til dei som tapte i dette bisarre lotteriet.