«Personalkostnadar i Kinn og tvang i kommunereforma»

Debatt: Dette lesarinnlegget er skrive av Edmund Kvåle.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Edmund Kvåle.

Personalkostnadar i Kinn og tvang i kommunereforma

Eg må berre konstatere at rådmann Heggheim ikkje kjem med noka utgreiing om personalkostnadane i Kinn, endå om dette uroa han mykje. Ein kan no spekulere i kvifor han ikkje kjem med noko utgreiing, det skal ikkje eg gjere, men openheit ser ikkje ut til å vera linja hans. Men eg vil som innbyggjar og skattebetalar etterlyse ei politisk oppfylgjing. Dette er vel forhold som dei folkevalde i Kinn også er opptekne av? Personalkostnadane utgjer vel truleg ca 70 prosent av driftsutgiftene i kommunen. Og når det uroar rådmannen, så bør det i høgste grad uroe kommunestyr-representantane.

Men så til noko heilt anna.

Ser av referat i Kommunal Rapport at Heggheim har vore på møte i rådmannsforumet, det er vel ein slags interesseorganisasjon for rådmenn/kommunedirektørar. Dei har hatt møte med kommunalministar Monica Mæland for å gi synspunkt på kommunereformen så langt.

Rådmannforumet meiner at reformen må halde fram, det må brukast meir makt og tvang frå sentralt hald for å få til» ein god kommunestruktur».

I denne samanhengen er rådmann Heggheim sitert på at då Kinn kommune vart oppretta kan ikkje regjeringa og Stortinget visst kvar dei hadde kartet, kommunen heng ikkje saman. Det veit me at ein kommune må gjere, seier Heggheim.

Då blir det interessant å få greie på kva Heggheim meiner med dette.

Skulle ikkje Kinn kommune vorte oppretta? Må Kinn kommune oppløysast sidan han ikkje heng saman?

Eller, burde det vore brukt tvang, slik at Bremanger vert tvinga inn i Kinn mot fleirtalsviljen i Bremanger?

Det er mange med meg som no har stort behov for å få vita kva rådmann Heggheim meinte med innlegget sitt? Kanskje nokre i Bremanger er interesserte òg.

Og kva meiner kommunepolitikarane om Heggheim sitt utspel?