«Treng vi eit rådhus?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Vidar Grønnevik, Kinn Høgre.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Vidar Grønnevik, Kinn Høgre:

Treng vi eit rådhus?

Rådhus har i lang tid vore symbol på kvar «sentrum» i ein kommune ligg og kvar makta har sitt tilhald. I tillegg har litt svulstige arkitektoniske rådhusbygg vore ein måte å vise fram velstand.

Flora bykommune bygde sitt rådhus for godt over 100 år sidan, då dei fleste bygg i den unge byen var langt mindre prangande enn nettopp rådhuset. Utvendig har rådhuset vorte rimeleg godt halde ved like (i alle fall i periodar) og det står fram også i dag som eit flott bygg.

Innvendig er tilstanden dessverre ikkje noko å skryte av, og det eignar seg i liten grad til å huse kontorarbeidsplassar.

Innbyggjarane i kommunen tar i hovudsak kontakt med tenestetorget i samfunnshuset når dei ein sjeldan gong treng å kontakte kommunen «in persona», og større politiske møter skjer i hovudsak i møtelokala i Samfunnshuset.

Vi har no ein ny Kinn kommune med delt administrasjon, der administrative arbeidsplassar i Måløy ligg i eit sentrumsbygg som dei deler med andre leigetakarar. I Florø er dei administrative funksjonane delt på fleire bygg – rådhuset, samfunnshuset og fleire innleigde kontorbygg.

Den politiske diskusjonen har gått i nokre år i gamle Flora kommune om behovet for eit nytt rådhus, kvar dette skal ligge og om kommunen skal vere eigar eller leigetakar.

Det starta med eit budsjett på vel 120 millionar kroner. Så kom det til eit parkeringshus på vel 20 millionar kroner og etter at fleirtalet i bystyret i Flora kommune vedtok å at det skulle byggast i kommunal regi har det vorte kjøpt tomter for vel 30 millionar kroner.

Høgre har støtta planen om eit administrasjonsbygg som kan huse dei administrative arbeidsplassane i kommunen og gjennom dette oppnå innsparingar som følge av samlokalisering – og i tillegg flytte ut av det gamle rådhuset sine utdaterte kontorlokale. Sentrumsutvikling som har vore vurdert som ein positiv bieffekt.

Vi har derimot hevda at budsjettet er for lågt i forhold til den planlagde størrelsen på bygget (og kostnadane som alt er kome til), stilt spørsmål ved om det kan sannsynleggjerast at parkeringshuset vert finansiert av eksterne leige- eller salsinntekter og elles åtvara like sterkt som Fylkesmannen mot å ta opp meir gjeld enn høgst nødvendig (gjelda er meir enn høg nok i utgangspunktet).

Det går føre seg eit intenst digitaliseringsarbeid i heile samfunnet som gjer at behovet for kontorarbeidsplassar i offentleg sektor mest truleg vil endre seg i framtida. Rådhus har dessutan vorte eit forelda symbol.

Vi meiner at den einaste fornuftige løysinga for å dekke kommunen sitt kontorbehov på er å la private utbyggarar bygge, drive og halde ved like eit kontorbygg der kommunen leiger det arealet dei treng i tidsavgrensa leigekontraktar som over tid kan tilpassast eit endra behov.

Dette vil også stette behovet for byutvikling som eit slikt bygg kan bidra til.

Samla vil dette gjere at det ikkje trengst brukast kommunale ressursar på prosjektering, byggeoppfølging, drift og vedlikehald (som kommunen over lang tid har vist at dei ikkje er gode til).

Behovet for å låne minst 200 millionar kroner vil ein unngå og risiko knytt til gjennomføring av byggeprosjektet og framtidige finanskostnader vil heller ikkje vere kommunen sitt ansvar.

Kinn kommune er i ein økonomisk situasjon som er slik at vi må snu alle steinar for å halde nye låneopptak så låge som mogleg og velje løysingar som gjer at vi beheld fleksibilitet i forhold til å justere kostnadspådrag i takt med framtidige behov.