«Ytringsfridom i ei trolltid»

Meninger

Denne kronikken er skriven av Geir Oldeide, Raudt.

Ytringsfridom i ei trolltid

Debatt om politisk debattklima og netthets på sosiale medium er i gang igjen. Kan vi komme lenger enn til å bruke moralske peikefingrar mot den eine eller den andre?

Før og no

Underteika har drive med politikk og vore ein ”offentleg” person i lang tid, også lenge før internett og sosiale medier. Det har langt frå vore ein dans på roser alltid. Maktpersonar og mektige meiningmotstandarar har til tider brukt svært ufine metodar og påfunn for å sverte meg og mange andre kritiske røyster. Og fordommar om kva eg (og Raudt) verkeleg meinar og står for har til tider vore nokså overveldande å kjempe mot. Fordommar bekjempar ein ved å krevje open diskusjon og at folk grunngjev og belegg standpunkta sine. Og ved i praksis å vise at ein står for noko anna enn det ein blir skulda for. Eg vil ikkje at det skal bli oppfatta som eit forsøk på å bagatellisere dagens trolling og netthets, men sett i historias lys kan det kanskje vere grunn til å puste litt med magen når ein vurderer debattklima og Facebook-oppførsel.

Forfølging og trakkasering av «upopulære» standpunkt er og har vore makta sin veg i alle land og til alle tider. Sjå på etterkrigstida si ulovlege overvaking og registrering av venstresida i Norge. Sett i sving og styrt av Arbeiderpartiet og dei hemmelege tenestene. Då snakka vi rått parti. Systemet mot einskildpersonar. Her er det mange øydelagde liv og triste skjebner.

Det nye med Internett, og spesielt med sosiale medium, er at det ikkje lenger berre er makta og «øvrigheta» som har mikrofonstativ og opne spalter. No har «gud og kvermann» sjanse til å seie kva dei meinar. Ikkje berre rundt kjøkkenbordet heime eller i kantina på jobben. Ein kan faktisk nokså uhindra nå ut med sitt standpunkt til mange andre. Dette har utvida ytringsfridomen i eit omfang som det er nesten umogeleg å overdrive. Difor ser vi også at makthavrande i mange land ønsker å strupe internett som opposisjonskanal og organisasjonhjelpemiddel i folkelig opprør. Det er svært viktig at dette perspektivet er med oss når vi diskuterer. Før vi veit ordet av det kan vi, med dei beste forsett, ende opp med at sensur og einsretting blir resultatet.

Denne utvida ytringsfridomen blir sjølsagt også (ut)nytta av folk som meinar og forfektar syn og saker som dei fleste av oss likar svært dårleg. Det er ubehagelig. Og magekjensla blir fort at vi ønsker å stoppe desse røystene. Eg tenkjer at det er viktig å løfte blikket og tenke seg om før ein ropar på sensur. Vi må, slik vi har gjort, tilpasse lovverket vårt for å straffeforfølge det som er og skal vere straffbart. Og vi må erkjenne at dette er relativt nytt og treng å modnast og ”gå seg til”. Eg syns t.d. at det å stenge for anonyme kommentarar i media sine kommentarspalter var eit viktig steg i rett retning. Etter kvart som vi får rettspraksis på kor grensene går med omsyn til kva og korleis ein ytrar seg i sosiale media, vil dei fleste tilpasse seg og lære.

Eit anna perspektiv som også høyrer med i denne debatten er utviklinga av dei tradisjonelle media. Vi likar gjerne å tru at verda går (meir eller mindre) stødig framover, at det meste utviklar seg til det betre. Det er sjølvsagt ikkje alltid tilfelle. Ser vi på eigarstruktur innafor medieverda så ser vi at det i løpet av dei siste tiåra har skjedd ein kolossal eigarkonsentrasjon der stadig færre og rikare aktørar eig det meste av media, både trykte og eter-media. Rolla som vaktbikkje og ”den 4. statsmakt” får stadig magrare kår. Dette skjer ikkje berre i land som Tyrkia og Italia. Under og etter det store krakket på Island såg vi at media i stor grad vart knebla av eigarane, som nettopp var dei same aktørane som stod bak og forårsaka krisa. Difor er det relativt frie internettet stadig viktigare som eit korrektiv.

Kva er netthets?

Det er viktig at vi ikkje blandar saman begrep. For at det skal vere netthets må det vere skrive (eller sagt) på internett. Om naboen i sinne kallar deg både det eine og det andre er det IKKJE netthets. Om nokon kjem bort til deg på gata og skjeller deg ut etter noter så er det ikkje netthets. Om tidlegare venner ikkje lenger ønsker å snakke med deg så er det heller ikkje netthets.

Dei fleste av oss er også einige om at det må vere usakleg for at det skal vere netthets. Altså ikkje dreie seg om sak, men at det går på person. Så er det jo kanskje ikkje alltid enkelt å kritisere t.d. ein politikar sine handlingar utan at det blir oppfatta som at det går på personen – sjølv om alle meinar at det skal gå an.

I vårt område er det ofte det store engasjementet rundt Vågsøy sin inntreden i Kinn som blir trekt fram i diskusjonen. Og då spesielt har det vore mykje fokus på kritikken av tidlegare ordførar i Vågsøy. Då det stod på ”som verst” laga NRK Sogn og Fjordane ei sak på dette der dei hevda at ”ein bande var ute etter å ta ordføraren” og at det var svært mange grove personlege åtak og overtramp.

Personleg blei eg svært overraska over desse påstandane. Eg hadde prøvd å følgje med på dei fleste medieflater og kanalar der Kinn vart diskutert og hadde ikkje same inntrykket. Eg ringde difor NRK-journalisten for å finne ut kva eg hadde gått glipp av. Han konkluderte i samtalen med at det var feil ordbruk og at det ikkje var grunnlag for å hevde at det fanst ein slik bande som vart ute etter å ta ordføraren. Når eg bad om oversyn over alle dei grovt krenkande overtrampa som låg til grunn for konklusjonen som vart dregen i oppslaget synte det seg at det var 2 –to- stykker. Den eine, som var i NRK sitt eige kommentarfelt, stod på trykk i berre nokre minutt før den vart fjerna. To stykker, blant alle dei mange tusen innlegg og kommentarar som vart skrive fram til då. Vi vart i grunnen einige om at her hadde NRK tatt litt for mykje møllers tran. Det var eit enormt engasjement. Mange folk følte seg overkjørte og frustrerte, og gav uttrykk for det. Men i all hovudsak så heldt folk seg til sak og trakka ikkje over streken. Likevel kan det sjå ut som om det sit at eit inntrykk hos mange at i den tida var det mykje netthets og mange som gjekk langt over streken. Lærdommen må vere at vi prøver å ha klare definisjonar på kva som er netthets og kva som er innafor. Og også det at om nokon føler seg krenka så er det ikkje sikkert at det er det same som at andre har utsett dei for netthets.

Debattklima

Mange trekk fram at det er dårleg debattklima. Kva er definisjonen på godt/dårleg debattklima? Bortsett frå det at ein skal halde seg til sak, bruke argument og ikkje som sagt, hetse og sverte folk. Men om du som deltakar i eit eller anna nettforum opplever at dine argument ikkje blir oppfatta som haldbare og truverdige. At du slett ikkje greier å overtyde folk du er ueinig med at dei tek feil og du har rett, så kan det vere veldig frustrerande. Men det betyr vel ikkje at det er dårleg debattklima der. Ordføraren i Kinn klagar på at han ikkje orka å vere inne i gruppa ”Nei til Kinn” fordi dei han diskuterte med ikkje var mottakelege for fakta og argument. Kanskje dei andre berre syns argumenta han kom med ikkje var gode nok og at andre fakta tala for at det var Teigen som hadde feil? Eg vil ikkje gjere meg til dommar i akkurat det ordskiftet, men meinar det er heilt naudsynt at vi har det perspektivet med oss når vi vurderer desse prinsippa. Og så bør vi einast om at debattklima kanskje ikkje i prinsippet fell under netthetsbegrepet. Alle ønskjer eit godt debattklima, men sjølv om vi lett kan bli einige i at vi har to øyrer og ein munn for at vi skal lytte dobbelt så mykje som vi snakkar, så syndar vi også alle på det. Og har godt av å bli minna på det. Men den som hevdar at debattklimaet er så dårleg at det er fåfengt å diskutere, dei har ei bevisbyrde på seg. Dei må dokumentere kva utsegner og praksis som øydelegg den gode diskusjonen. Viss dei ikkje gjer det så fungerer berre rop om dårleg debattklima som eit våpen i sjølve debatten. For vi MÅ alle vere einige om at debatt og diskusjon er av det gode, ja heilt naudsynt i eit oppegåande demokrati. Å lage til grupper og sider på Facebook om heite tema som kommunesamanslåing der det ikkje skal vere høve til diskusjon i det heile, berre einsidig informasjon, det er direkte usunt sett i eit demokratiperspektiv.

Jørgen og kongen

Det er forskjell på herskap og tjenere. Ein offentleg person med makt i samfunnet må finne seg i å tole meir offentleg kritikk og omsnakk enn den ”menige mann i gata”. Spesielt gjeld dette for folkevalde som har bedt om, og fått, folkets tillit til å forvalte vår felles eigedom og framtid. Dette er det brei enighet om. Det er ikkje like vilkår. Å slå nedover er faktisk verre enn å slå oppover. Dette må vi også ha med oss i sekken av prinsipp vi bygger på når vi vurderer skit og kanel i desse spørsmåla.

Kva skimtar vi i glaskula?

Mange signal om at kanalar som FB, YouTube m.m kjem til å bli strengare sensurert. Folk med kritiske synspunkt blir sperra ute i kortare eller lengre tid. Dette skjer allereie i dag. Dei som ynskjer å stoppe fornuftige,kritiske røyster organiserer klagekampanjer for å få folk utestengde. Det er netthets og hatytringar som blir brukt som brekkstang for å innskrenke den ytringsfridomen vi har no. Difor er det viktig å vere på vakt mot at barnet fer ut med badevatnet. Og difor er det viktig at den einskilde også skjerpar seg og sluttar med netthets og usakleg drit. Viss ikkje fungerer ein på sikt som nyttige idiotar for eit einsretta og totalitært system.

Dei tradisjonelle redaktørmedia vert i framtida endå færre og meir konsentrerte. Det er nok ubehageleg å høyre det, men det sannsynlege resultatet er at journalistar og redaktørar blir meir fokuserte på at dei har ein jobb å gå til, enn at dei har ei svært viktig samfunnsoppgave å fylle.