«Bremangerlandet vindkraftverk på utanlandske hender?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ivar Rune Varpe, Jørund Nygård, Tore Nesbakk, og Roy Ove Svarstad for Nei til SFE BKK Vindkraft på Bremangerlandet.  Foto: Kjell Aga Ulvestad

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ivar Rune Varpe, Jørund Nygård, Tore Nesbakk, og Roy Ove Svarstad for Nei til SFE BKK Vindkraft på Bremangerlandet.

I Firda den 7. februar 2020 spør Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal «Om SFE si leiing og styre kan gje skriftlege forsikringar i avisa om at vindkraftanlegget til Lutelandet Energipark AS, aldri vil hamne på utanlandske hender?»

Dei viser til at «På folkemøtet om vindkraft i Dale ungdomshus den 27.01.2020, uttala dagleg leiar for Lutelandet Energipark AS, Stig Svalheim, at Sogn og Fjordane Energiverk (SFE) jobbar utifrå at kraftanlegget Lutelandet Energipark skal byggjast og drivast i SFE sin regi.»

Dei siste kjende tala for utbygging på Bremangerlandet er ca. 800 millionar, i tillegg har Svalheim forsikra at den nødvendige nettutbygginga til ca 70 millionar ikkje skal belastast SFE sine nettkundar, men dekkast av Bremangerlandet Vindpark som er eigd 100 prosent av SFE.

For Lutelandet er det opplyst at utbygginga vil koste ca 550 millionar. På grunn av effektauken frå 45 til 56MW, krevst det ei ellers unødvendig nettoppgradering frå 66 til 132Kv, som netteigar Sunnfjord Energi seier vil koste 50-70 millionar.

Vidare har SFE 20 prosent eigardel i vindkraftkonsesjonen på Okla i Stad kommune, som no er til klagebehandling hjå OED. Denne delen utgjer kring 50 millionar. Dei siste 80 prosenta er eigd av Italienske Falck Renewables.

Vi oppfattar såleis at Stig Svalheim på vegner av SFE med dette til saman har forplikta selskapet til å finansiere vindkraftinvesteringar for ca 1,5 milliardar kroner innan utgangen av 2021.

Nei til SFE BKK vindkraft Bremangerlandet, ber difor om dei same forsikringane frå SFE-leiinga om Bremangerlandet, som Stig Svalheim på vegner av SFE forsikra om Lutelandet, nemleg at anlegget på Bremangerlandet skal byggjast og drivast i SFE sin regi.».

I tillegg ber ein om at SFE direktør Johannes Rauboti avklarar korleis investeringane vil påverka utbyttenivå til eigarkommunane dei kommande åra, og om eigarane samtykkjer til investeringane.

Som kjent har 14 kommunar i Sogn og Fjordane i løpet av 2019 fatta nei-vedtak mot vindkraft. Alle er no eigarar i SFE.