«Skuffande avslag på fri kalveskyting-prosjekt»

– Vi håpar at denne saka blir tatt opp i kommunestyret og blir diskutert grundigare og at det blir innhenta meir kunnskap og fakta før ein tar ei endeleg avgjerd i denne saka, skriv Tore Røys Nesbakk.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Tore Røys Nesbakk:

Skuffande avslag på fri kalveskyting-prosjekt i Bremanger

Det er med stor undring ein kan lese at formannskapet i Bremanger kommune seier nei til å vere med på prosjektet FriKalv. Prosjektet FriKalv er eit prosjekt som dei fremste forskarane innan hjorteforvaltning, Erling Meisingset og Vebjørn Veiberg har sett i gong. Prosjektet har til hensikt å kartlegge om slike tiltak kan bidra til å nå dei forvaltningsmåla kommunane har, og til å redusere konfliktar mellom jordbruk og hjort.

Det å kunne tilby ein grunneigar fri avskyting av kalv utover den tildelte kvoten, vil vere med på å kompensere eventuelle beiteskadar. Mange stadar er hjortestammen mykje større enn det der er beitegrunnlag for om vinteren. Døme på dette er i Botnane, der ein dei siste åra har fått tildelt, og skote, nær det dobbelte av tidlegare tildelte kvotar.

Vi veit at fleire jaktfelt har mykje dyr i terrenget gjennom heile jakta. Eitt døme på dette er Dalsbotten vald. Her er ein ofte tidleg ferdige med dei tildelte dyra, og har godt høve til å plukke kalv utover heile hausten. Det å kunne ta ut ekstra kalv i slike område har fleire fordelar. Ein reduserer tal dyr i vinterbestanden, ein kan vere svært selektiv på storleiken på dei kalvane ein tek ut. Ein høyrer ofte at «ein må skyte dei kalvane man ser for å fylle kalvekvoten». For Dalsbotten vald sin del, betyr fri kalveskyting at ein kan ta ut alle dei små kalvane, og spare dei store om ein ynskjer det.

Fri kalveskyting-prosjektet er også ei utruleg god moglegheit til å drive rekruttering av unge nye jegerar, då ein har moglegheit til å få tatt ut meir dyr enn det ein opphavleg har på kvoten, samstundes som at dette også gagnar politikken og bærekraftprinsippet om å hauste av overskotet av hjortestammen.

Dalsbotten vald hadde med ein førstegongsjeger hausten 2019 som fekk skyte sin første kalv, og valdet har allereie fått førespurnad om å ta med fleire unge jegerar på jakt i sitt terreng no til hausten som ei direkte følge av dette prosjektet.

Det at fri kalveskyting er eit tilbod, og ikkje eit pålegg, gjer at jaktfelt som leiger ut jakta har ei gulrot til leigejegerane. Her kan ein jeger få både i pose og sekk. Mykje jakt, og meir kjøt sjølv om ein skyt små dyr.

Vi kan ikkje forstå kvifor formannskapet i Bremanger kommune ynskjer å ta frå grunneigarane dette høvet til å ta ut fleire dyr. Fri kalveskyting må vere eit godt høve til å nærme seg forvaltningsmåla til kommunen om auka gjennomsnittsalder, utan å endre på fordelingsnøklar og minsteareal.

Det at Myklebust i Ålfoten, som er det største jaktfeltet i kommunen, kan syne til svært positiv utvikling av hjortestamma gjennom auka kalveskyting, må vege tungt når ei slik avgjerd skal takast.

Vi håpar at denne saka blir tatt opp i kommunestyret og blir diskutert grundigare og at det blir innhenta meir kunnskap og fakta før ein tar ei endeleg avgjerd i denne saka.

Jegerar som støttar den gode hjorteforvaltninga i Bremanger kommune: Tore Røys Nesbakk, Geir Nesbakk, Gisle Skjølberg, Tore Skjølberg, Dag Magne Berle, Kurt Ole Senneset, Espen Frøyen, Robin Eikeset, Harald Erlandsen, Leif Erik Senneset, Vilde Steffensen m.fl.