«Når NVE «ikke vil se»…»

Denne kronikken om Okla vindpark er skriven av Wenche Hovlid Sortvik.  Foto: Privat

Meninger

Denne kronikken er skriven av Wenche Hovlid Sortvik, og stod først på trykk i Klassekampen:

Når NVE «ikke vil se»...

Utbygginga av vindkraft har hatt sterk politisk medvind gjennom dei siste år. Det finst inga oversikt over dei samla konsekvensane vindkraftutbygginga har for biologisk mangfald, truga naturtypar og landskapsverdiar (1). Likevel har norske styresmakter godkjent bygging av over 80 vindkraftverk. Okla vindkraftverk på Stadlandet er eit av desse. Det er grunn til å stille spørsmål ved om dette er ein kunnskapsbasert forvaltingspraksis som tek vare på natur og landskapsverdiar. Motsegn frå organ som fylkesmann, riksantikvar og fylkeskommunar har blitt fremja ved fleire prosjekt. Motsegn skal sikre at utbyggingsplanar ikkje kjem i konflikt med nasjonale og regionale målsetjingar; som døme retningsliner for naturmangfald, kulturminner og folkehelse. Dei fleste motsegner har likevel ikkje fått konsekvensar for opphavlege utbyggingsplanar hjå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje og energidepartementet (OED)(1).

Konsesjonen til «Okla» vart gitt i 2013, etter søknad sendt i 2007 (2). Eit samrøystes kommunestyre i Selje vedtok hausten 2019 oppmoding om ny gjennomgang av konsesjonen, med bakgrunn i eit innbyggjarinitiativ, der ei rekkje feil og manglar i kunnskapsgrunnlag og prosessar vert påpeikt. Saka er no ferdigbehandla hjå NVE.

Vi hadde håp om at NVE ville ta omsyn til det solide dokumentasjonsgrunnlaget som ligg ved «Okla-saka». At det vart gjort ei rettmessig ny vurdering ut frå eit korrekt og oppdatert faktagrunnlag. Vi hadde tru på at NVE såg dette som eit høve til å gje retningsgjevande signal, som syner tydinga av å vere etterretteleg i kunnskapsgrunnlaget ved framtidige utbyggingsprosjekt. At dei evna å setje naturen fyrst, og innsåg at ei industriutbygging på Stadtfjellet vil medføre ugjenkallelege øydeleggingar i eit eineståande landskap for all framtid. Istaden må vi erkjenne at NVE - sitat frå tilbakemeldande brev: «ikke kan se at noen av klagene gir grunnlag for å endre vårt vedtak av 24.06.2019. NVE opprettholder derfor vedtaket ….og har besluttet å ikke gi utsatt iverksettelse av vedtak….» Saka er no oversendt OED for endeleg avgjerd.

Ein vert overvelda over alt NVE, ei statleg styrt kunnskapsbedrift, med denne uttalinga viser at dei «ikke kan se»! Det er tydeleg at NVE ikke «kan se» at konsesjonen til Okla er gitt på feil grunnlag, trass i det solide kunnskapsgrunnlaget som er vedlagt saka. Dei vel å «ikke se» at ikkje alle stadar er eigna for vindkraftutbygging, og at Stadfjellet er ein slik stad.

Dei kan tydelegvis «ikke se» at konsesjonsområdet for «Okla» er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi og at vindkraftverket planleggast i eit område som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø (3). Dei kan «ikke se» den særprega artsrikdomen dette vil berøre, og at «Okla» er planlagd i eit INON-område (inngrepsfritt, samanhengande naturområde) som må verdsetjast høgt i høve nasjonale miljømål og internasjonale avtalar. Dei held fram med å «ikke se» motsegnene fleire høyringsinstansar har kome med. Dei «ser» framleis ikkje dei vitskaplege arbeida som vart forkasta, mellom anna ornitologiske rapportar frå sterke fagmiljø, trass i at området har trekkruter for ei rekkje raudlista fugleartar. Vidare vel NVE å «ikke se» at ei realisering av «Okla» vil stride mot lovverk og internasjonale konvensjonar som burde stå høgt hjå statlege styringsorgan (4, 5, 6).

I staden for vel dei framleis «å se» rapportar som kan rettferdiggjere gjennomslag for konsesjon, trass i om desse må sjåast på som overflatiske og usannferdige samanlikna med anna tilgjengeleg dokumentasjonsgrunnlag. Dei vel å halde fast på ei rettferdiggjering av «Okla» utifrå ei industriell verdiorden, der teknisk effektivitet og talfesta rasjonalitet har forrang.

At dette landskapet skal kunne nyttast til industri, fortel oss at unike landskapsverdiar har eit svært dårleg rettsvern i Noreg i dag!

Tilbakemeldinga frå NVE seier noko om kor vanskeleg det er å nå fram med bodskapen vår sentralt i sakene som gjeld vindkraftutbygging og naturmangfald. Det seier noko om kampen vi står i; der miljøvernstoppar, framståande politikarar og sentrale styringsorgan, (utanlandsk)forretningsverksemd og riksdekkande media kan opplevast å stå på den eine sida – og naturforkjemparar, lokalfolket og lokalaviser på den andre. Det er ein ujamn kamp, der det tidvis opplevast som om motstanden vår skal teiast ihel. I sentrale strøk kan gjerne nokre delvis frå-flytta områder i distrikts Noreg tyde lite i samanlikninga med den globale klimakrisa. Det er synd at styremaktene ikkje innser at verda står overfor ei krise av like store dimensjonar som klimakrisa; gjeldande endring av arealbruk-, artsrikdom- og naturmangfald (7). Urørt natur er i ferd med å verte ei mangelvare. Ein kan undre seg over kva som skal til for å stogge ein praksis som har så store skadeverknader for landskapsverdiar, trekkande fugl, biologisk mangfald og livskvalitet?

Saka om Okla vindkraftverk handlar om noko meir enn berre ein lokal kamp for eit fjell. Det handlar om det som går tapt av unik naturarv og kulturhistorie. Men det handlar også om korleis sentrale styringsorgan verdset landskap, naturmangfald og artsrikdom. Det handlar om kva som vert rettferdiggjort i konsesjonsprosessar i statlege forvaltningsorgan. Om vår tillit til rettmessige demokratiske prosessar i saker som omhandlar natur av nasjonal tyding. Ikkje minst handlar det om å fornye tapt tillit – ved å trekkje ein konsesjon som er gitt lang tid attende, og på feil kunnskapsgrunnlag.

Vi vonar framleis at Stadtfjellet kan bergast. Saka skal avgjerast av OED, og vi set vår lit til at OED viser kunnskap, rettferd og klokskap i si endelege avgjerd av «Okla-saka». Vi ber om politisk merksemd på prosessane knytt til dei gjevne vindkraftkonsesjonane. Vi ber om fokus på om grundige konsekvensanalyser faktisk har blitt gjennomført i konsesjonsvurderingane. Vi krev at styremaktene lyttar til oppmodinga om å snarleg føreta ein grundig gjennomgang av det miljøfaglege grunnlaget for gjevne konsesjonar som gjev eit korrekt bilete av naturverdiane (8). NVE syner at dei lener seg på gamal kunnskap i «Oklasaka». Høgare styringsorgan i Noreg må vise at dei tek omsyn til nytt kunnskapsgrunnlag i avgjersler som vedrører biologisk mangfald, landskapsverdiar og folkehelse. Ny informasjon som har kome til etter at konsesjon er gitt, må inngå som del av ny vurdering, og ikkje verte noko høgare styringsorgan kan velje «å ikke se».