«Bytt ut sjikane med kunnskap, Einar!»

Dette lesarinnlegget er skreve av Jostein Nygård. Her fra folkemøtet i Kalvåg om Bremangerlandet Vindkraftverk.  Foto: Frithjof Silden

Meninger

Dette lesarinnlegget er skreve av Jostein Nygård og er eit svar til Einar Svarstad sitt lesarbrev publisert 15. februar.

Einar Svarstad har i to lesarbrev i Firdaposten og Fjordenes Tidende framført sine karakteristikkar av to folkemøte, eit i Kalvåg og eit på Igland. Overskrifta i Firdaposten var: "Folkemøte om vindkraft – eit konspirasjonsdrama i to akter". I Fjordenes Tidende var overskrifta: "Dette er rein propaganda for å hausse opp stemninga".

I Kalvåg stod eg for presentasjonen av innlegget til Bremanger Fiskarlag. I den samanheng vil eg gje nokre kommentarar.

Så var det fiskarlaget som hadde innlegg, om havvind på Frøyabanken og Olderveggen, (merkeleg nok ved ein aktiv vindkraftmotstandar som aldri har vore fiskar), dette blei kopla saman med Bremangerlandet vindkraftverk.

Koplinga som du refererer til er henta frå eit offentleg dokument frå NVE. Kvar sitatet er henta frå var tydeleg opplyst i presentasjonen. Du fekk kanskje ikkje med deg det? Det var og trekt fram eit anna dokument frå NVE der dei uttalar det same. Du fekk kanskje ikkje med deg det heller? Når du offentleg refererer nokon som siterer frå eit offentleg dokument bør du sitere rett og vise til kjelde. Det du prøver på er å insinuere at dette er noko eg har funne på. Slikt er uærleg.

Spesielt ufint blir det når du påstår: Dette er rein propaganda for å hausse opp stemninga og skape splid i lokalsamfunnet.

Er det å skape splid i lokalsamfunnet å opplyse om kva som står i offentlege dokument? Sjølv om det ikkje er i din interesse, så opplever eg at mange set pris på at fakta kjem fram. Du fekk kanskje med deg at mange i Kalvåg gjorde det?

Litt om meg som aktiv vindkraftmotstandar. Min motstand gjeld vindkraft i Bremanger og på fiskebankane. Kva folk vil ha og ikkje ha i sine område i andre deler av Noreg og verda, får dei som bur der meine noko om. Eg bur i Bremanger og har følgd med sia dei første planane kom (det trur eg du fekk med deg). Eg var og aktiv i Førde Grunneigarlag då dei i lag med grunneigarar på Senneset samstemt sende høyringsuttale til NVE der ein grunngav kvifor ein var imot vindkraft på Bremangerlandet.

På møtet i Kalvåg uttalte SFE sin representant at klagene mot vindkraftutbygginga må rettast mot Bremanger kommune som er eigar av SFE. SFE har nærare 70 % av kraftproduksjonen sin i Bremanger kommune. Bremanger kommune eig usle 3 % av SFE. Det er ikkje i Bremanger overskotet til SFE hamnar. Innbyggarane har Noregs høgaste nettleige, sjølv om vi har landets mest kortreiste kraft. For å redusere energitap ved transport bør kraftproduksjon byggast ut der det er mangel på kraft.

Eg har stor respekt for fiskarar, uttalar du.

Ein person som har vore fiskar heile sitt yrkesaktive liv, stod fram og uttrykte stor uro for fiskerinæringa i Bremanger dersom det vart bygd vindturbinar på fiskebankane Frøyagrunnen og Olderveggen. Karakteriseringa di i pressa av fiskaren og hans uttale vitnar om det motsette av respekt og mangel på folkeskikk.

Til slutt eit angrep på SFE sin representant med omsyn til Høyringsuttale frå NTV om TV-/radiosignal.

Ein person frå Berle spurde om ikkje dei problema som ein no opplever med TV-signala i Berle tyder på at dersom ein bygger vindturbinar på Bremangerlandet (der Bremanger hovudsendar er) vil og andre få liknande problem. SFE sin representant reiste seg og angreip Norsk Televisjon (NTV) med at dei hadde gått for hardt ut. Eg spurde då om han hadde lese NTV sin høyringsuttale. Det stadfesta han. Han vart då gjort merksam på at der var referert 3 konsesjonskrav og at Bremangerlandet Vindpark AS ikkje hadde innfridd nokon av dei. Sidan E. Svarstad tydelegvis ikkje har fått med seg dette siterer eg frå NTV sin høyringsuttale ang. Bremangerlandet Vindpark:

Som det fremgår, føreset OED:

«1) At det er viktig at signaler fra Bremangersenderen ikke blir forstyrret av det planlagte vindkraftanlegget, og at før ein eventuell realisering av vindkraftverket må partene finne ein løsning med lokalisering av turbinene som ikke skaper interferens som gjør at avbøtende tiltak ikke er praktisk eller økonomisk mulig for utbygger;

2) At det må innhentes økt kunnskap om forholdene rundt senderen før eventuell etablering av vindkraftverket; og

3) At det ved konsesjonen må settes vilkår som sikrer NTVs interesser.

Ingen av de av OED nevnte forutsetninger, er etter NTVs oppfatning oppfylt.

NTV ser at det i MTA-planen gis uttrykk for at «detaljplanen er utarbeidet i samråd med Norkring og NTV AS».

Dette er ikke riktig.

Eller for å bruke eit språk som E. Svarstad forstår. "Det er blank løgn."

I staden for å diskutere sak kjem du med karakteristikkar av personar som du er ueinig med. Eg har til gode å finne saklege utgreiingar med tilvising til kjelder når du prøver å fremme synspunkta dine. I staden tyr du til uttrykk som løgn og "fake news" utan nokon som helst sakleg grunngjeving, framført både i formannskapssalen og i lokalavisene. Det er ei forsøpling av den offentlege debatten. Det er vanskeleg å tolke det som anna enn mangel på kunnskap og saklege argument.