– Skulen har i mange år vore med på å gje unge eit unikt grunnlag innanfor matlaging

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 21. februar.  Foto: Privat

Imponerande at kokkar som startar utdanninga i Måløy endar opp i verdstoppen.

Erling Wåge, redaktør
Meninger

Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende fredag 21. februar.

Onsdag gjekk det norske seniorkokkelandslaget til topps under OL i kokkekunst i Stuttgart. Stor stas at tre av dei åtte på verdas beste landslag er lokale. Kristoffer Westvik Lofnes frå Måløy, Jan-Erik Hauge frå Berle og Tonje Torvanger frå Sogndal var med då landslaget stakk av med den gjævaste gullmedaljen. Torvanger har foreldre frå Bremanger.

På tribunen under denne beintøffe konkurransen sat tre som var ekstra spente. Bente Iren Vonheim, Iren Hammersvik og Monica Iren Venøy Lexau er tre av lærarane ved Måløy vidaregåande skule. Dei reiste til kokke-OL for å heie på sine tidlegare elevar og for å hente inspirasjon til å kunne inspirere nye matglade ungdommar. Desse tre fortener, saman med resten av lærarane, stor del av æra for at alle som startar si kokke- og restaurantkarriere ved Måløy vidaregåande skule blir dyktige kokkar. Skulen har i mange år vore med på å gje unge eit unikt grunnlag innanfor matlaging.

I alle år har elevar som starta matfagutdanninga si i Måløy markert seg med dyktige og spennande elevbedrifter som har hevda seg i konkurransar. Mange elevar har enda opp med spennande og viktige jobbar på kjende restaurantar og serveringsbedrifter. Dette viser kor viktig denne skulen er, og kor dyktige lærekrefter dei har. Berre det at lokale kokkar går til topps er med og inspirere andre til å satse på matlaging. Dette er viktig for rekruttering til kokke- faget. Det er berre å la seg imponere og gratulere. Vi heiar på den flotte skulen, dei som jobbar der og alle som har gått der og som no er med på å utvikle kokkekunsten i verdsklasse. Gratulerer. Stor stas også at Jon Erik Kvåle Øien frå Stårheim og Flatraket denne veka opplevde at restauranten Bare i Bergen, der han er restaurantsjef, fekk den ærverdige Michelin-stjerna.