«Påskehelsing frå ordføraren»

Dette lesarinnlegget er skrive av Anne Kristin Førde (Ap), ordførar i Bremanger.  Foto: Louise Nygaard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Anne Kristin Førde (Ap), ordførar i Bremanger.

Til helga går vi inn i den høgtida som eg personleg set mest pris på av høgtidene vi markerer her i landet vårt.

Eg skal ikkje utpeike meg sjølv til å vere den som er mest oppteken av opphavet til påskefeiringa, men den ligg der som ein del av opplæringa frå skulen, og som eit godt minne frå barndomen. Påska er i dag for meg, og heilt sikkert for mange andre ei forventning om trivelege stunder saman med familie og vener. Ei tid for fine dagar på fjellet eller i skog og mark. For oss her på kysten drøymar vi gjerne om flotte turar i fjøra, og kanskje ein tur med fritidsbåten.

Påska med kvikklunsj, appelsinar, påskeharen, påskeegg, påske-rebus, påskebingo, påskequiz, påskesylte og eit stort innrykk av påsketuristar !!

Denne påska vil ikkje bli heilt lik andre påsker, nei i år oppmodar vi alle om å halde seg heime og reise minst mogeleg. Hald to meter avstand når vi oppheld oss inne, ein meter ute, ikkje fleire saman enn ei lita gruppe på 5 personar både inne og ute, ja om du ikkje er i familie.

Vi får via radio, tv-kanalar og aviser dagleg oppdatering på korleis viruset utviklar seg i verda, i Noreg og i lokalmiljøet vårt. Det er viktig for oss alle å vite dette, men samtidig kan det for mange bli vel mykje. Redselen for deg og meg som er i risikogruppa, eller frykta for at vi skal gå rundt med smitte, og for at vi skal smitte kvarandre er stor. Det er i desse dagar mange omsyn å ta, men vi er heldigvis gode til dette.

Vi har visst desse vekene som har gått, at vi tek koronaviruset på høgste alvor og innrettar oss på best mogeleg måte. Vi ser i sosiale mediar fine historier og flotte initiativ frå innbyggarar i heile landet, og rundt om i verda. Det er så flott med alle som er med å kryddrar kvardagen med positive tiltak, dette vil vi ha meir av !!

Samtidig må vi ikkje gløyme at her likevel er mange som no kjenner på einsemda og som føler seg utanfor. Vi har barn- og unge som kanskje ikkje har det så godt heime, som opplever den daglege omsorgssvikta frå foreldre som ikkje maktar å ta hand om barna sine. Lærarar i skulen og pedagogar i barnehagen har fått ei ekstra stor oppgåve med tettare oppfølging av elevar og barnehageborn. Lærarar og pedagogar opplever svært krevjande arbeidsdagar, og kjenner på faren for å kunne oversjå viktige faresignal frå barna. For dei barn- og unge som strevar med utryggheit i kvardagen så vil denne tida kunne føre til store arr som kan bli vanskeleg å rette opp i.

Mi oppmoding til alle er: Tenk etter kven som bur i nabolaget, kven vil sette pris på ei lita telefonsamtale om at du er her, og dersom en treng hjelp eller nokon å prate med så er du der for dei.

Sei hei til alle barn- og unge når du ser dei utanfor, slå av ein prat og spør kor det går. Fortel dei at det er SÅ bra at alle barn- og unge kan ta kontakt med læraren sin om dei synest kvardagen vert for vanskelig.

I helse og omsorg har vi tradisjon for å arbeide med mål om å verne innbyggjarane mot smitte. Den seinare tid har fokuset sjølvsagt vorte auka. Dette krev meir av oss og av dykk alle. Tiltaka vi har sett i verk i samband med koronaviruset påverkar kvar ein av oss på like og ulike måtar. Innbyggjarar, pårørande, tenestemottakarar, bebuarar og pasientar viser stor forståing for kvifor vi har det slik vi har det akkurat no. Det vil vi rose kvar og ein for!

Vi arbeider med mål om å gjere dagane best mogleg for våre tenestemottakarar, tilsette og pårørande! Mellom anna tek vi, i tillegg til telefon, i bruk digitale verktøy for at bebuarar på institusjonane og i omsorgstun kan halde kontakt med familie og vener. De er viktige for kvarandre og for oss! Vi har fokus på ulike aktivitetar og oppnå så godt innhald som mogleg kvar einaste dag for bebuarar/pasientar og andre tenestemottakarar.

Mange opplever at dagane er endra fordi dei ikkje lenger får delta på fritidsaktivitetar og anna som er viktig for den einskilde. Vi veit at dette er vanskeleg, men vi oppmodar alle til å gjere det beste ut av den forbigåande situasjonen vi alle er i!

I kommunen har vi enno ikkje fått påvist smitte hjå nokon av våre innbyggarar, dette er kjempeflott og det viser at vi har hatt god effekt av alle tiltak som er sett i verk. Derfor er det viktig at vi no står saman om å vidareføre dei nasjonale tiltaka. Vi får dagleg spørsmål om å avvike frå hytteforbodet for dei som ikkje har bustad adresse i Bremanger kommune, men det kan vi ikkje.

Bremanger kommune oppmodar alle uansett kor du bur i landet om å droppe fritidsreisa denne påska, finn på kjekke aktivitetar i nærområdet ditt. Hugs at samfunnsdugnaden er for oss alle, og spesielt for den som er risikogruppa. Alle har vi en i familien- bestemor, mor, bror eller søster som kanskje ikkje vil tåle å bli smitta. Det er alle dei vi vernar om i desse dagar.

Eg vil rette ei stor takk til alle som no står på både dag og natt for å halde hjula i gang, det er eg umåteleg takknemlig for og håpar de alle får tid til å nyte litt av påska!

God påske til dykk alle!