«Tause parti om seremonirom for alle»

Dette lesarinnlegget av Aage Kvendseth er også sendt som eit brev til alle politiske parti i oktober 2019. Berre eit parti har svart.   Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget av Aage Kvendseth er også sendt som eit brev til alle politiske parti i oktober 2019. Berre eitt parti har svart så langt.

Alle innbyggjarar bør ha tilgang til seremonirom for å markere viktige hendingar i livet, som t.d. ei gravferd.

I dag har kommunane i Noreg solid dekning med kyrkjebygg. Seremonirom for alle er sjeldsynt. I Bremanger kommune vert det sett av pengar til å drive 8 kyrkjelege seremonirom. Samstundes veit vi at Noreg er i ferd med å verte både meir fleirkulturelt og mangfaldig og meir sekulært. Stadig fleire nordmenn vel namnedag, borgarleg konfirmasjon, borgarleg vigsel og borgarleg gravferd.

Dette bør stille nye krav til måten Bremanger kommune planlegg fremtida på slik at alle innbyggjarar kjenner seg respekterte og integrerte.

I ei meiningsmåling få år tilbake, meinte 63 % av folket at kommunane bør tilby seremonirom som passar for alle, same kva tru, religion eller livssyn dei har. Den norske kyrkja tillet ikkje slik bruk for andre, og mange ikkje-kristne ønskjer det heller ikkje.

I partiprogramma før valet i 2019 var det berre Bremanger SV som ser at dette må kome her i kommunen og.

Eg spør difor om kva tankar partia i det nyvalde kommunestyret har om denne saka, og om dykkar parti vil gå inn for at dette no vert utgreidd.