«Kva vil Okla medføre?»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Wenche Hovlid Sortvik.

Kva vil Okla vindkraftverk kome til å medføre for ein liten stad som Stadlandet? I det lengste, vil vi helst ikkje ta innover oss at Okla kan verte ein realitet! Det burde vere utenkjeleg i utgangspunktet!

Men, kva om….? Kva vil dette bringe for Stadlandet? Jau. Aller fyrst kan vi sjølvsagt tale om dei enorme naturøydeleggingane dette vil medføre. Unik natur som vert sprengd sund for å byggje vegar som er breie nok til at turbinblad på opp mot 70 meter skal kunne fraktast på plass oppe på fjellet. På steinfyllingane. Natur som må ofrast for å få plass til fundament på størrelse med ei halv fotballbane ved kvar turbin. Dei fatale konsekvensane dette vil ha for fugletrekk og naturlege økosystem, og kva det vil medføre for fleirfaldige raudlista artar. Rasering av ein natur som ligg i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, naturtypar, biologisk mangfald og kulturhistorie er ei stor sorg i seg sjølv! Det burde åleine vere tilstrekkeleg grunn til at denne konsesjonssøknaden vart avvist. Å øydelegge eit ikonisk landskap som det ikkje finst maken til i Noreg, burde ikkje vere mogleg! Eit landskap som ber tydeleg preg av platårestar av urgamalt sletteland. Terrengdekkande myr med innslag av svært sjeldne plantesamfunn – som dekkjer dei ytste utkantane av europeisk fastland. Særskilt interessante artar, naturtypar og jordsmonn – relatert til at Stadplatået var isfritt under siste istid. Med vantru registrerer vi at økonomisk vinst står meir sentralt i all argumentasjon, framfor vern av dette ikoniske platået!

Det er forbausande stille kring at så store øydeleggingar skal finne stad! Stille i frå sentrale og lokale styremakter. Stille ifrå lokale næringslivsaktørar. Kvifor det? Vil kommunen tene store pengar på oppføring av Okla vindkraftverk? Vil øydelegginga av natur, artsmangfald og fauna medføre økonomisk vekst i Stad kommune? Positive ringverknader for lokalt næringsliv, var jo opphavleg noko kommunen vart førespegla, relatert til Okla-utbygginga. Det er difor med undring at ein registrerer at prosjektet ikkje vil medføre aukt sysselsetjing innan kommunen. Dersom lokalt næringsliv i kommunen i det heile ser økonomisk potensiale i «Okla», må det vere av svært kortvarig karakter, relatert til sjølve oppføringsprosessen. Estimerte tal for inntekter til anlegget, vil knapt oppretthalde ei einaste kommunal stilling...

Kva trekkjer turistane, som besøkjer Stadlandet i tusental gjennom ein sesong? Jau. Mellom anna fjellturar på Stadtfjellet; like vakkert året igjennom. Alle dei vakre fjellvatna. Måsevatnet. Sævatnet. Grøtrøysvatnet, med sin vàre og sjeldan store fjellørret på over eitt kilo (Grøtrøysvatnet vert liggande rett under turbinanlegget). Eit eldorado for surfing, med fleire surfebasar. Kajakkpadling. Havfiske på det ville Stadhavet. Laksefiske i vakre omgjevnader i Ervikelva. Helleristingar på Drage. Småklyngegrendene på Fure. Vandring på krittkvite strender i Hoddevik og i Ervik. Kulturminner, som Ervik kapell. Hovden og Storeneset, med spektakulær utsikt og verneverdige krigsminner frå 2. verdskrig. Det historiske Dragseidet; Olav Trygvasson si kristningsferd. Vestkapp-platået, der ein i klart vèr kan sjå til 7 kyrkjesogn. Eit yrande dyre- og fugleliv. Havørn. Guida turar omkring på den vakre halvøya. Og rett over fjellet – Selje; med si nydelege sandstrand, sagnomsuste Seljeøya og klosteret i St. Sunniva sitt rike. Knapt nokon annan stad kan by på fleire natur-opplevingar, meir historie og fleire kulturminner innan eit avgrensa område. Og ikkje minst – midt opp i naturkrefter av ein sjelsetjande karakter. Stormane på Stadlandet og storbåra som bryt over dei nakne bergskrentane, gjer eit djupt inntrykk på tilreisande frå fjernt og nær. Ein føler seg nær naturelementa i eksistensiell forstand.

Så – kva er det langsiktige vekstpotensialet for næringslivet i ein kommune som Stad? Spør du meg, så ligg det nettopp i desse opplevingsverdiane ved eit heilt eineståande landskap. Potensialet for vidareutvikling av ei gryande reiselivsverksemd, er openbar! Kvalitetane her burde reindyrkast, vurderast som verdsarvområde med UNESCO-status og til dømes vidareutviklast som eit grønt reisemål. Det er dette turistane kjem for å sjå; den urørte, ville og vakre naturen. Ikkje å stå på Vestkapp-platået og sjå rett inn i eit vindkraftverk!

Å rasere Stadtfjellet vil ikkje medføre samfunns-nytte for Stad kommune. Berre tap av verdiar. Tap av unik natur. Tap av eineståande opplevingar. Tap av vår kulturhistorie og våre røter. Tap av lokal bulyst og djupe spor mellom menneske. Tap av inntekter frå reiseliv og turisme. Og kostnader ved vedlikehald og aukte straumutgifter for innbyggjarane – på straumproduksjon som skal eksporterast ut av landet.

Ei realisering av «Okla» vil frårøve dei neste generasjonar å oppleve Stadlandet slik som det opphavleg var!

Ein reddar ikkje klimaet ved å ofre Stadthalvøya!