«Kven eig Stadlandet?»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Wenche Hovlid Sortvik:

Kven eig Stadlandet?

Etter at det frå regjeringshald vart ytra ynskje om å ta over indianarane sine landområde, skreiv høvdingen Seathl, frå Duwanishstammen i staten Washington, eit brev til den amerikanske presidenten Franklin Pierce, i 1855.

Høvding Seathl skreiv: «Korleis kan ein kjøpe eller selje himmelen, eller varmen frå jorda? Tanken er framand for oss. Vi eig ikkje lufta sin reinleik eller glitteret i vatnet. Korleis kan du då kjøpe det av oss? Vi bestemmer berre i vår tid. Heile denne jorda er heilag for mitt folk. Kvar einaste skinande barnål, kvar sandstrand, kvart slør av dis i dei mørke skogar, kvar einaste lysning og alle dei summande insekta er heilage i mitt folk sine tradisjonar og medvit. Vi er ein del av jorda, og den er ein del av oss.

Kanskje er det nettopp slik vi som er imot raseringa av unike naturverdiar i Noreg, opplever det?

Korleis kan Olje- og energidepartementet bestemme at det unike landskapet på Stadthalvøya skal raserast? Ein natur som det ikkje finst maken til i Noreg. Kven eig, eigentleg, eit slikt eineståande landskap? Kven eig artsmangfaldet? Kven har eigedomsrett til fugletrekka, økosystema og vassdraga? Kven eig verdiane av den reine lufta, stillheten og den frie utsikta? Eimen av historia frå våre forfedre? Er det den norske stat? Er det dei utanlandske utbyggjarane? Kommunen og lokale politikarar? Eller er det grunneigarane til tilkomstveg, som «må få lov til å bestemme sjølv»?

Eg skal ikkje svare på dette spørsmålet. Eg lener meg til høvding Seathl sine ord, like aktuelle i dag som i 1855: «Dette veit vi: Jorda tilhøyrer ikkje mennesket. Mennesket tilhøyrer jorda. Alt heng saman, slik blodet sameiner familien. Alt heng saman. Mennesket vevde ikkje livet, vi er berre ein tråd i veven. Alt vi gjer mot veven, gjer vi mot oss sjølve.»

Og han avsluttar brevet slik: «Kvar er til slutt villmarkene? Borte. Kvar er ørnene? Borte. Det er livet sin slutt og overlevinga si byrjing».

Er det verkeleg dette vi vil for Stadlandet?