«Prolog: Ja - vi elskar dette landet»

Meninger

Dette diktet Prolog er skrive av Anne-Karin Løken:

Ja – vi elskar dette landet


Vi skuldar dei alle å ikkje gløyme - men skuldar dei også å leve.
Vi skuldar dei alle å elske og drøyme - og takke dei alle for strevet.

Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem
furet, værbitt over vannet – med de tusen hjem.
Elsker, elsker det og tenker
på vår far og mor
og den saganatt som senker
drømme på vår jord
på den saganatt som senker
senker drømme på vår jord.

Ja – elska landet, det gjorde dei alle
dei unge som reiste i strid og i kamp
dei reiste frå sine kjære og nære
for å berge landet og folket si ære
i tru på at kampen til slutt dei vann.

Det var freden nordmenn til slutt kunne feire
i fridomsrus over by og land
åra med krig skulle ikkje bli fleire
dei møttest igjen, kvinne og mann.

Syttifem år sidan flagget vart heist
og nordmennene fekk feira
strevande kvinner og stridande menn
endeleg over fienden seira
- nasjonen si ære var atter reist.

Noreg har klart seg i all denne tid
så verdig som landet vårt kan.
Gjennom strevsame år, gjennom ufred og krig
var landet vårt verna av modige han
som med sekken full av ungdomeleg mot
frå sine kjære og heimen sin reiste
for landet han i sinnet sitt heiste
flagget som gav han tryggleik og rot
rota til heimen, til far og til mor.

Håpet hadde dei heime, dei sende
tankar til han som var borte kvar dag
dei tenkte nok sitt, og dei spurde kan hende
ville han kome – ein vakker dag
med flagget i sekken, etter år med jag?
Mange gav livet i kampar og slag
og mange kom ikkje attende.

Dei strevde der heime – heldt Noreg i gong
dei fekk ikkje lese, i løyndom dei song.
Dei fekk ikkje vite, dei fekk ikkje sjå
pent måtte dei slite, for alt måtte gå
sin gong mens krigen der ute heldt på.
Dei var bundne av det uslitelege bandet
- av kjærleiken til fedrelandet.

Norske mann i hus og hytte
takk din store Gud!
Landet ville han beskytte
skjønt det mørkt så ud.

Men dei kunne ikkje støtte seg berre til Gud
når landet skulle beskyttast
det røynte på, var harde bud
så kongen måtte forflyttast.
For mørkt såg det ut når byar dei brende
og visst var det kaldt når landet dei vende
og snudde opp ned på alt.

På Eid står statuen av «Sørgende mor»
ho delte sin lagnad med mange
då meldinga kom – at son, mann og bror
hadde gjeve sitt liv for landet.
I iskalde, bekmørke vinterstunder
når kvelden seig på rundt hus og nåve
i lengtande morgon og sommarnatt
når arbeidsfolk verkeleg trengde å sove
ho vaka og håpa og lengta og lova
men mannen og sonen kom aldri att.

Alt hva fedrene har kjempet
mødrene har grett
har den herre stille lempet, og vi vant vår rett
har den herre stille lempet, så vi vant, vi vant vår rett.

Det var slett ikkje berre gret, dei gjorde
mødrene, som sørgde for maten på bordet
i dystre, svarte vinternetter
i kuling og frost og isnande sno
det var ikkje berre ein munn å mette
i stall og stove, på fire og to
tida i landet stod aldri i ro.

Vi skuldar dei alle å ikkje gløyme
men skuldar dei også å leve
vi skuldar dei alle å elske og drøyme
og takke dei alle for strevet.

Gleda i dag skal vi dele med mange
med glitrande søljer og blankpussa sko.
På grunnlovsdagen vi takkar for landet
vi takkar dei som i kampen sto.


Med tankane fri og med fred i sinnet
eg sat på ein benk i eit solfylt tun
eg strauk ei lita jente på kinnet
inntil ein kropp som var varm og lun.
Eg takka for blomane ho hadde plukka
den vesle buketten som eg hadde fått.
At ho var den heldigaste av alle dei heldige
det hadde den vesle jenta forstått.

Det skjønte eg brått der vi sat og snakka
- snakka om stort og litt om smått.
Ho sa til meg – «vi er heldige, vi, mamma,
som har det så fint og så godt».

Eg kjende ei tåre i augekroken
då det gjekk opp for meg kva ho sa
ho sa nettopp det som vi vaksne bør seie
og vere så mykje meir opptekne av.

At ja, vi elskar dette landet
kvar frie dag og fredelege natt
«vi har det så fint og så godt», sa jenta
ho dermed fram perspektivet henta
og takksemda inn i tankane smatt.

Visst har vi det godt her i moderlandet
åra har gått så hastande fort.
Krigen var lang, men likevel kort
det manar til takk og til ettertanke
når ei lita jente kan tenkje så stort.

Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem
furet, værbitt over vannet,
med de tusen hjem.