«Kraftverdiar på avvege, har noko gått galt?»

Ordførar i Kinn, Ola Teigen, i samtale med demonstrantar ved markering ved Nei til SFE, BKK vindkraft på Bremangerlandet i høve generalforsamling i Sogn og Fjordane Energi AS.  Foto: Siri Kolseth

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av ordførar i Kinn Ola Teigen (Ap) og Helge Robert Midtbø (Ap):

Kraftverdiar på avvege, har noko gått galt?

I Norge har vi hatt ein politikk på at verdiane av våre naturressursar skal kome fellesskapet/folket til gode. Heilt sidan konsesjonslovene vart vedtekne i 1909 for å stanse storstila utanlandsk oppkjøp av norske vassdrag, har det politisk vorte satsa på offentleg eigarskap. Lovene kom som følgje av lang politisk kamp. Seinare (2008) vart ordninga erstatta med krav om offentlig eigarskap til nye vasskraftverk over ein viss størrelse. Kvifor har vi ikkje sikra vindkrafta på same måten? No er det kanskje på ny viktig å ta tak i dette energipolitisk. Både ei storstila utbygging av vindkraft og storoppkjøp av småkraftverk set dette tema på dagsorden. Norge gjennom staten har òg gjeve døme på korleis ein kan styre utbygging og utvikling av store naturressursar som olje og gass.

Frå år 2000 og fram til no er det bygd ut mange småkraftverk. Der har ein hatt eigne skattereglar, og etter 2012 også grøne sertifikat, støtteordning administrert av NVE, for å stimulere til utbygging. Grunneigarar, veldig mange i Sunnfjord og tidlegare Sogn og Fjordane, har teke på seg store økonomiske forpliktingar og starta utbygging, gjerne med støtte frå lokale bankar. Desse utbyggingane har gjeve grunnlag for lokalt næringsliv og lokale grunderverksemder vaks fram. Overskota frå selskapa vart igjen hos grunneigarane i grendene. Veldig bra!

Men kva skjer no?

Mange småkraftverk vert no selt/leigd ut til utanlandske investeringsfond av ulike slag og med på kjøpet får dei grøne sertifikat, om lag inga skattlegging, tilgang til marknaden via linjer som fellesskapet har betalt og vil fortsetje å betale på i mange år framover. Krav om offentleg eller nasjonalt eigarskap gjeld ikkje for kraftverk under 4.000 naturhestekrefter og det gjer det mogeleg å selje/leige kraftproduksjonen ut av landet. Eit eksempel på dette er OBOS som har samla saman fleire mindre kraftverk i Sunnfjord og tidligare Sogn og Fjordane, til ein portefølje på 333 GWh (ref. artikkel i avisa Firda) som no er solgt/utleigd til eit utanlandsk investeringsfond. Dette er betydelege kraftmengder. Til samanlikning har Kjøsnesfjorden kraftverk ein årsproduksjon på om lag 250 GWh.

Om lag halvparten av vindkraftproduksjonen i Norge er eigd av utanlandske selskap. Desse utanlandske selskapa har ikkje same krav til avkastning på grøn energiproduksjon som norske kraftselskap har og det er med på å auke presset på vindkraftutbyggingar. Dei betaler ikkje naturressursskatt til kommunane sjølv om dei bandlegg store areal og natur, dei betaler ikkje grunnrenteskatt til staten og selskapsskatt blir det òg lite av. Rett nok får kommunane ofte forhandla seg fram til ei godtgjersle for «tort og svie».

Vindkraft burde hatt eit tilsvarande krav som vi har til vasskraft som er heimla i Vassfallslova § 1: «Landets vannkraftressurser tilhører og skal forvaltes til beste for allmennheten. Dette skal sikres gjennom offentlig eierskap på statlig, fylkeskommunalt og kommunalt nivå». Det burde òg vore eit tilsvarande krav sett til småkraft når samla eigarskap/kontroll er over ei viss grense. Ei slik endring vil sikre at norske naturressursar òg i framtida vert eigd av fellesskapet slik intensjonen er i Vassfallslova.

Alternativet må vere at vi har eit regelverk som sikrar inntekter til fellesskapet på same måten som vi har innan olje- og gassproduksjon.

Så då er spørsmålet: Har noko gått galt?

Fleire selskap, innan ulike bransjar, i Vestland fylke og i vår region har i dag utanlandske eigarar/kapital, og det er bra. Men er det ein ønska politikk at vi lar utanlandske selskap bygge ned norsk natur og overta nasjonale naturressursar? Og er det ønska politikk at dei ikkje legge igjen verdiar på lik linje med det kraftselskapa og oljenæringa gjer og har gjort i alle år?

Eller har vi sove i timen?