«God morgon Sogn og Fjordane!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjellfrid Bøthun.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kjellfrid Bøthun:

Takk NRK Sogn og Fjordane. Dette er ein strålande måte å bli vekt på om morgonen.

Den store roa sig ned over meg. Alt fell liksom på plass. Ikkje noko prat om Vestland her.

Den rette radiokanalen er på plass høyrer eg.

Og, kor mange seier ikkje akkurat det same. Det skal ikkje meir til. No har nokre politikarar prøvt på å vedta at vårt Sogn og Fjordane ikkje eksisterar meir. De kan vedta nett kva de vil for meg.

Men eg kan forsikra dykk om at eg bur i Sogn og Fjordane – og ikkje nokon annan stad! Folk her bur i Sogn, i Sunnfjord og Nordfjord. Og det er me særs nøgde med.

Her i fylket lever me godt. Me treng ikkje reisa inn til Bergen for at dei skal fortelja oss korleis me skal leva.

Korleis ein del av politikarane våre har rota oss oppi detta, ja, det er det mange i lag med meg som lurer på?

Toskeskapen er over alle grenser! Ja til Sogn og Fjordane!