«Er vi vitne til at Kinn Ap no kopierer Ap i tidlegare Vågsøy?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Marie Kronen Tveranger (t.h.) og Daniel Henriksson (t.v.) i Raudt Kinn.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Marie Kronen Tveranger og Daniel Henriksson i Raudt Kinn.

Er vi vitne til at Kinn Ap no kopierer Ap i tidlegare Vågsøy? I Vågsøy har det nemleg i fleire periodar vore tett politisk samarbeid mellom Ap og Høgre, mens det i Flora har vore eit meir tradisjonelt Arbeidarparti som har stått på fagbevegelsen si side, der det å samarbeide med Høgre har vore usannsynleg.

Vi ser no, under eitt år inn ein ny politisk periode, at Ap i Kinn kommune har tenkt å følge Ap i Vågsøy sin modell, eit samarbeid med høgresida. Erfaringane frå Vågsøy er at det er Ap som flyttar seg til høgre i eit slikt samarbeid – det er ikkje Høgre som blir dratt til venstre. At også Noregs mest fagforeiningsfiendtlege parti, Venstre, skal inngå i samarbeidet, det lovar heller ikkje godt.

Vi har allereie høyrt frå den kanten, at ei av løysingane for Kinn sin dårlege økonomi må være privatisering av offentlege og lovpålagte tenester. Dersom Ap blir med på slikt, trur vi dei vil møte mykje motstand. Ikkje minst frå dei kommunalt tilsette som til dagen står på for å drifte kommunen sine lovpålagte oppgåver. Det er nok å minne om samarbeidsavtalen som Ap tidlegare har hatt både i Flora og mange andre stader med Fagforbundet. Om det er privatisering som vert det nye fleirtalet sitt svar på ein dårleg kommuneøkonomi gjenstår å sjå.

Vi i Raudt vil arbeide for at så ikkje skal skje. For oss i Raudt går lovpålagde velferdstenester først. Vi prioriterer verken fotballhall eller rådhus når økonomien tilseier noko anna. Vi prioriterer barn og unge, oppvekst og utdanning, helse og velferd.

Den kommunale kampen om fordeling av økonomien i Kinn, er for Raudt viktig i tida framover, der ein ser at venstrepartia tar ein kraftig høgresving. Kva som skjer med SV veit vi ikkje. Vi kan håpe dei tar til vet og vel samarbeid med oss framfor å følge med Ap ned i Høgre-svingen.