Ope brev til Stad kommune

«Er søknader i «siste liten», tett opptil fellesferiar, ein måte å presse igjennom konfliktfylte prosjekt på?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Bård Fløde, og er også sendt som eit ope brev til Stad kommune.  Foto: Frithjof Silden

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Bård Fløde, innbyggjarinitiativet, og er også sendt som eit ope brev til Stad kommune.

Ope brev til Stad kommune

«Praktisk politikk er kunsten å ignorere fakta» sa Henry Adams; historikar med særskilt fokus på amerikansk politikk i slutten av førre århundre. Og - vi må undre oss over om utsegna diverre enno har aktualitet i dagens Noreg.

I høve til den omstridde «Okla-konsesjonen» er nemleg fakta at utbyggjar av Okla vindkraftverk (Falck Renewables Vind AS) har heile fire søknader om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel under handsaming i Stad kommune pr. i dag!

Som kjent vart saka om «Dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel til tilkomstvegen til Okla-anlegget», handsama i Stad kommunestyret 7 mai – samstundes som «Innbyggjarinitiativet» som var reist gjeldande tilkomstvegen til Okla», endeleg kom opp til handsaming. 18. juni følgde «Klage på vedtak om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel til tilkomstvegen Okla-anlegget». Saka vert no handsama av Fylkesmannen som klagesak.

Men: Som det ikkje var nok – kjem tre dispensasjonssøknader til i nær etterkant; 8. juni søkjer utbyggjar om dispensasjon i høve riggområde i reguleringsplanen for Borgundvåg hamn. 26. juni søkjast det om dispensasjon i høve vassforsyningsanlegg til privat vassverk. Og - 29. juni søkjer Falck om dispensasjon i høve minimumsavstand til hovudvassdrag. Ein kan undre seg over kvifor desse søknadane ikkje har vore fremja på eit tidlegare tidspunkt, og vidare stille spørsmål ved om søknader i «siste liten», tett opptil fellesferiar, er ein måte å presse igjennom konfliktfylte prosjekt?

Stad kommune har allereie innvilga den første søknaden om dispensasjon – gjeldande vegtrasé til tilkomstveg. Klagesaker gjeldande vedtak og sakshandsaming ligg no hjå Fylkesmannen for behandling. Innbyggjarinitiativet i april/mai vart reist nettopp utfrå argumentet om at denne saka måtte løftast til handsaming i kommunestyret, og at Stad kommune burde krevje regulering i høve arealplan. I mangel på vyrdnad for norsk lov, handsama likevel Stad kommune saka først i utval. Innbyggjarinitiativet sitt framlegg fall med ei røyst i kommunestyret si avstemming, og dermed vart utvalsvedtaket stadfesta i kommunestyret sitt møte 7. mai.

Innbyggjarinitiativet finn det graverande at kommunedirektøren i høyringsbrev for neste dispensasjonssøknader, skriv at Stad kommune tek sikte på å innvilge dispensasjon – før sakene har blitt politisk handsama – og at dispensasjonssakene igjen skal handsamast og avgjerast i utval for areal og eigedom – ikkje i Stad kommunestyre!

Bodskapen frå Innbyggjarinitiativet er klar; Det er tid for å stogge opp og vurdere grensetjing overfor utbyggjar sine ytterlegare søknader om dispensasjon (søknad 2., 3. og 4).

Dersom Stad kommune held fram med å gje dispensasjon etter kap. 19 i Plan og bygningslova, vil dette mellom anna medføre at ålmenta ikkje vert involvert i høyring. Det må minnast om at kapittel 19 (Plan og bygningslova) kun opnar for å gje dispensasjon der føremonane ved å tillate tiltaket vurderast som klart større enn ulempene. Nasjonale og regionale mål skal leggast til grunn for interesseavveginga.

Etter vårt syn bør difor handsaming av dispensasjonssøknadene skje gjennom regulering; i tråd med reglane i Plan og bygningslova sitt kapittel 12. Ei påfylgjande handsaming av dispensasjonssøknadane i lys av reguleringa, vil kunne klarleggje føremonar og ulemper gjennom mellom anna høyring og offentleg ettersyn, som inkluderer ålmenta.

Vi vil vise til Rettleiar for dispensasjon ved Fylkemannen i Akershus (2014): «Arealbruk skal primært avklarast gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar. Dette vil mellom anna sikre at utbygging skjer etter ei samla vurdering av konsekvensar for samfunn, naturressursar og miljø. Kommuneplanen sin arealdel er kommunen sitt førande dokument i utbyggingssaker. Denne har blitt til gjennom ein omfattande prosess der myndigheiter og offentlegheita har medverka, og der ulike interesser er vegd opp mot kvarandre for å finne ei best muleg arealdisponering. For å bevare planen som ein viktig styringsreiskap for kommunen si arealforvaltning, skal det difor ikkje vere kurant å fråvike planen ved dispensasjon»

Stad kommune må vise vyrdnad for alvoret i saka om Okla vindkraftverk på Stadhalvøya! Saker som vedrører Okla-saka, har stor tyding for folket lokalt og nasjonalt. «Innbyggjarinitiativet» som vart reist og levert Stad kommune i april 2020, var motivert ut frå eit klart formulert ynskje om å få løfta den første dispensasjonssaka til handsaming i kommunestyret. IBI meiner at Stad kommune må vise større respekt for alvoret som vindkraftutbygginga på Stadhalvøya representerer, og ikkje nytte delegasjonsreglementet for å overlate handsaminga av saker knytt til Okla til eit underutval! IBI held fast på si meining om at saker som vedrører Okla, må løftast til kommunestyret. Dette handlar ikkje om mistillit til fagutval: det handlar om at kommunen sitt øvste politiske organ skal drøfte og gjere vedtak i saker som har så dramatisk tyding for landskap og innbyggjarar i ein del av kommunen!

«Praktisk politikk er kunsten å ignorere fakta» sa Henry Adams…. Fakta er at Stad kommune bør stille seg spørsmål ved kvifor så mange dispensasjonssaker vert reist like før planlagt byggestart? Og dette bør danne grunnlag for ei grundig politisk handsaming. Ålmenta let seg ikkje lenger ignorere i saker som er knytt til Okla-saka! Den aukande motstanden – både lokalt og nasjonalt - mot den planlagde utbygginga, utgjer eit folkekrav om at Stad kommune framover let kommunestyret handsame saker knytt til «Okla»!