«Grenselause Nordfjord»

Illustrasjonsfoto: Dette lesarinnlegget er skrive av Ole-Mathias Nes  Foto: Arkivfoto

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ole-Mathias Nes.

Ole-Mathias Nes  Foto: Privat



Grenselause Nordfjord

Sommarferie gjev tid for mykje ein elles ikkje rekk over, refleksjon, ein fot i bakken og litt kreative tankesprang i høve kvar vi som Nordfjordingar er og kvar vi skal dei nærmaste åra. Eg trur vi er i ferd med å ta av på ei svært spanande reise, ei reise inn i framtida med eit meir samla og sterkare Nordfjord enn nokon gong før.

Eg startar reisa lengst i vest. Ytst i havgapet mot Stad og på Måløya har ein i alle dagar sett på dei globale samfunnstrendane som moglegheiter heller enn truslar. Ein har livnært seg på fisken og havnæringane i fleire hundre år. Mange har teke stor risiko, satsa eigenkapital og bygd viktige arbeidsplassar i regionen med sjøen som ressurssenter. Slik har miljøa i Måløy og på Stadtlandet gått føre og sagt at det ukjende og nye som kjem som bølgjer frå havet ikkje er noko vi skal frykte, men gripe med begge hender og finne ut «what’s in it for us»?

Fleire har tenkt slike tankar. For kven hadde vel trudd for nokre år sidan at den vêrharde Hoddevika og Ervika skulle bli så forlokkande for turistar og surfarar, at fylkesmannen måtte legge ned forbodsvedtak mot villcamping? Vel, slik vart det altså. Det betyr berre at vi og «stadane» våre er svært attraktive, noko som er utelukkande bra, sjølv om det no vert illustrert ved eit forbod. Regulert camping litt på avstand frå dei sårbare områda dukkar nok opp som næringsveg i kjølvatnet av forbodet. Kven kom på at ei lågkostnæring som tekstilnæringa skulle ha eit nasjonalt tyngdepunkt og livets rett i Stryn? Kven kunne drøyme om at Hyen skulle bli ein heilt naturleg stad å byggje framtida sine nullutsleppsbåtar? Om nokon hadde foreslått alt dette, hadde nok dei fleste stussa på det dei høyrde. Men realitetane viser at alt er mogeleg i grenselause Nordfjord, «midt i verda» (takk for lånet Gloppen).

Etter 18 år med bustadadresse i ulike delar av landet og til slutt sju fantastiske år i Sogndal vart det heim til Nordfjord for meg og familien min på fem. Eg har sjølvsagt følgt med og engasjert meg i det som skjer heime på avstand dei åra eg har budd vekke, men det er noko anna når ein no bur midt i smørauget av ein unik region som Nordfjord. Det er rart, men for kvart år vekke har eg følt meg meir og meir som Nordfjording. For, kvar elles i Noreg kan ein, i løpet av ein god time i bil oppleve brevandring, terrengsykling, innlandsklima og puddersnø lengst aust og eksotiske surfebølgjer, sydenstrender og havgap i vest? «Nordfjord, frå bre til hav» fangar essensen i dette. Unike eigenskapar vi som bur her må dele, fortelje og skrive om der vi kan, slik at enda fleire får høve til å bu og oppleve dette i lag med oss.

Det å ha observert samfunnsutviklinga utanfrå, har gjeve nyttige perspektiv når ein no har flytta heim og prøver å bidra på dei områder i samfunnet ein meiner ein har noko å bidra med. Impulsane utanfrå er viktige, og på mange felt der Nordfjord no har lukkast, er det ei god blanding av godt etablerte innbyggjarar og såkalla tilflyttarar med nye idear og andre perspektiv, som har skapt suksesshistoriene. Det er difor vi i Nordfjord ikkje berre skal seie «kom heim» til studentar og andre som har reist frå fjorden, men «hjarteleg velkomen» til alle uavhengig av kven du er og kva du lært. Sjansen for at du har noko å bidra med og Nordfjord noko å tilby deg er så stor at her spør vi ikkje om kvar du kjem i frå, men kva du vil og kva vi kan tilby deg. «Nordfjord, ein heim for deg og meg».

Her i fjorden er vi vande med at det vi ynskjer oss ikkje kjem rekande på ei fjøl. Det vi vil få til skapar vi sjølve. Mange av våre fremste Nordfjordambassadørar har vist veg. Flo-brørne med storfamilien har vist at «motbakkefotball» ikkje er noko hinder for å bli best i verda også langs bakken i verdas største idrett. Bø-brørne viser at treffsikkerheit, uthald og ein «rå skalle» er eigenskapar som like godt kan dyrkast fram i Markane som i Oberhof. Musikalsk kan ei karriere innan vokal, produksjon og låtskriving, slik Alexander Pavelich har skapt seg, like godt starte på «Haugen-Løkja» som på Grünerløkka. Døma er så mange på Nordfjordingar som har markert seg både nasjonalt og internasjonalt innan idrett, kultur, næringsliv, politikk osb. Nordfjord som merkevare er sterk og vi som bur her må fortelje historia og «vedta» vår eiga framtid.

I Loen er denne trua på eige produkt illustrert med Hotell Alexandra, ein i utgangspunktet utruleg høgtflygande idé om å byggje eit storhotell langt utanfor allfarveg. I dag veit vi korleis det gjekk, og hotellet, med dei bokstavleg tala høgtflygande opplevingane rundt, dreg folk til Nordfjord som aldri før. Seinare har mange komme etter, med idear som no er ein realitet, men som sikkert mange meinte var luftslott der og då. Eit operahus i ei bygd med knappe 6000 innbyggjarar, eit museum- og opplevingssenter med ein fullskala kopi av eit autentisk vikingskip, rockefestivalar og countryfestivalar med store artistar frå inn- og utland, eit datalagringssenter med store internasjonale selskap som kundar i Lefdal Mine Datasenter, og jammen driv vi ikkje snart verdas fyrste skipstunnel i Selje også, anten med regjeringa eller Stortinget si hjelp. Dei får velje sjølv kven som vil vere med å skrive historie.

Lista er ikkje uttømmande på nokon som helst måte, men den viser noko av skaparkrafta og den innovative energien som pregar Nordfjord i større og større grad. Og då har eg ikkje ein gong nemnt landbruksnæringa, som opnar landskapet og steller Nordfjorden, slik at den er vakker og frodig for dei som kjem på besøk og vil ha noko å kvile auga på. Visste de til dømes at næringa produserer vesentleg meir mjølk og kjøt enn det som må til for å sjølvforsyne heile Nordfjord si befolkning? Vi eksporterer difor i praksis «smaken av Nordfjord» til resten av landet, i tillegg til å forsyne eigen fjord. Akkurat dette kan vi bli enda flinkare til å fortelje.

Stridsøkser og interne stridar er gravne ned, og fokuset er vendt framover mot kva ein i fellesskap kan gjere for å utvikle regionen. No er det den godlynte konkurransen som skjerpar oss og held oss på tå hev. I dagens Nordfjord er det ei heilt anna rytme, ein heilt annan puls og ein felles hjartebank som gjeld. Dei av oss som har heile Nordfjord som arbeidsplass, merkar det.

Ja, vi er på ein betre stad no, men framleis skal det sjølvsagt vere vondt å vere på den tapande sida av 16.mai-kampen mellom Eid og Stryn i fotball. Men, når Alfred, Leidulf og Per møter opp på Nordfjordeid trafikkstasjon for å markere med kake og tale at trafikkstasjonen med alle funksjonar består, så viser det noko og det betyr noko. Tre av våre ordførarar side om side illustrerer samhald og samarbeid på beste vis. Det illustrerer på mange måtar «nye Nordfjord».

Døme på konkrete satsingar som viser at ein no, i viking-terminologi, sit i same langskip og ror i same retning er mange:

-Nordfjordakademiet, eit felles lærlingprosjekt

-INVIRO (Fjordane Virtuelle Campus), det fyrste høgare utdanningstilbodet i Nordfjord

-Visit Nordfjord si reiselivsprofilering med «alt i ein fjord», riksveg 15-profilering og felles Nordfjordmarknadsføring

-Nordfjordrådet si samling omkring viktige prosjekt, og mykje meir.

«Alt i ein fjord» er alt vi har fått frå naturen si side og det vi har utvikla fram til i dag. Skal «alt i ein fjord» som omgrep vere like dekkande om ti år, så må vi alle saman halde fram med å utvikle det unike ved lokalsamfunna våre og stå skulder ved skulder i viktige saker for Nordfjord. Vi skal heie på kvarandre. Vi skal tenke at heime, her i Nordfjord, er vi uansett om vi kjem med hurtigbåten til Måløy, med ekspressbussen over Strynefjellet, med privatbil gjennom Våtedalen, med fly til Anda eller gjennom Stad skipstunnel. Vi skal tenkje at Hydlaparken, Refviksanden, Operahuset, Trivselsskogen, Svormuseet og Loen skylift alt saman er vårt å vise fram, vårt å bruke, vårt å vere stolte av.

Grenselause Nordfjord har ei lys framtid i møte og vi som er så heldige å få bu her, må ta vare på og utvikle Nordfjord vidare kvar bidige dag. Vi skal nyte alt Nordfjord kan tilby, men samtidig skal vi aldri stå i ro men alltid stå saman. Vi skal kombinere våre godt jorda eigenskapar som sindigheit, dugnadsånd og stå-på-vilje med kreativ galskap og nytenking.

I det nye og grenselause Nordfjord skapar vi vår eiga framtid i lag, og framtida ser lys ut.