«Kor er du, Alfred?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

Kystlandskapet vårt blir rasert av vindturbinar i rekordfart. Mange reagerer sterkt på dette - frå alle parti. Ordføraren i Lyngdal har starta eit ordføraropprop mot dette og den aksjonen har fått stor oppslutnad. Så langt har 92 ordførarar skrive under oppropet som krev stans i vidare utbygging av vindturbinar på land. Eg ser at ordførarane i både Kinn, Bremanger og Vanylven har skrive under oppropet.

I desse dagar vil utbyggarane starte med raseringa av Stadt. Kvifor manglar underskrifta di, Alfred? Er du for den utviklinga som skjer no?