«Oj! Det var då voldsomt til såre hår, Alfred Bjørlo»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide (Raudt) og er eit tilsvar til ordførar Alfred Bjørlo (V) etter at Stad-ordføraren svarte på eit tidlegare innlegg av Oldeide.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide (Raudt) og er eit tilsvar til ordførar Alfred Bjørlo (V) etter at Stad-ordføraren svarte på eit tidlegare innlegg av Oldeide.



«Bush-metodar», «storslegga» og «voldsomme angrep». Javel, eg trur du må lese innlegget mitt ein gong til. Det var eit sakleg spørsmål om kvifor du ikkje hadde skrive på oppropet slik ordførarkollegane i Kinn, Bremanger og Vanylven hadde gjort. Dette oppropet har sirkulert i rundt eit år og den siste runda med invitasjonar til å skrive på er, slik eg har forstått, den tredje runda. Eg rekna difor med at Stad hadde fått minst ein invitasjon før denne siste. Vi må finne ut av kvifor Stad eventuelt har blitt utegløymt. Og hvis du ikkje hadde høyrt om oppropet i det heile før, så forstår eg også at du ikkje på eige initiativ kunne ha teke det opp i formannskapet heller.



Det er sjølvsagt forståeleg at du som ordførar vil forankre det i formannskapet før du skriv under. Politisk ryddigheit er eg veldig for. Så då kryssar vi fingrane for at du får med deg formannskapet på torsdag når du bed om samtykke til å vere med på oppropet, du også.

Akkurat i desse dagar er det ekstra viktig med tanke på det som skjer ute på Stad.