«Alle vil ha dei, men ingen vil «ha» dei. I alle fall ikkje midt i synet, der ein kun har ulempene»

  Foto: Frithjof Silden

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sandøy.

Tatt av vinden

Her om dagen hadde eg ei hyggeleg samtale med ein kjenning av meg. Vedkomande er serviceingeniør ved vindmøllene på Mehuken, og er ein dyktig, sympatisk og kompetent mann på alle vis. Med eit skeivt smil «tilstod» han at han for tida var noko varsam med å utbasunere kor han var tilsett, og kva bransje han var ein del av.

Vindmøller er bokstaveleg tala i vinden, for ikkje å seie ein storkuling med stormbyer. No vil nok mange meine at vindmøller er ein del av det grøne skiftet, og at det i størst mogeleg grad bør satsast på ikkje-forureinande kraftproduksjon. I det bildet har vindmøllene sin naturlege plass. Vinden er gratis, og i alle fall på våre kantar er «råstoffet» i rikeleg mon til stades. I meste laget, vil mange seie, og kvifor ikkje dra nytte av alskens overivrige lågtrykk som hyler rundt øyra våre.

Nei, det er spørsmålet om plassering som får piggane ut. Alle vil ha dei, men ingen vil «ha» dei. I alle fall ikkje midt i synet, der ein berre har ulempene. Ein eventuell grunneigar får nokre lusne kroner, og vertskommunen haustar nokre ynkelege slantar i eigedomsskatt. Den store gevinsten hamnar i andre lommar, gjerne i utlandet. Tennerskjerande ser vi vakker natur belemra med uskjønn betong og metall, og vyane om rimeleg straum tekne av vinden.

Min heimelsmann rister på hovudet, og lanserer løysingar og ei innvending: Møllene bør etter hans syn plasserast på, eller i umiddelbar nærleik av alt utbygde, typiske industriområde. Straumen kjem til nytte der og då utan for mange, skjemmande kraftliner. Like eins må ein kunne sjå nærare på enkelte kystområde, der dei ikkje blir til sjenanse verken for aktivitet eller busetnad, og der dei kan forankrast på solid berg.

Som innvending rister han mest på hovudet over vindmøller plasserte ute på ville havet. Jamfør Hywind på Aust-Tampen/Vikingbanken i regi av Equinor. Ikkje berre vil prosjektet etter hans syn setje bom for all fiskeriaktivitet der, men vedlikehaldet av møllene vil bli; ja akkurat: Ein møllestein! I tillegg må dei gjerast hermetisk tette. Salt og elektrisitet er ikkje godvener. Kva utbygginga vil koste må fuglane vite, men det står ikkje på å lansere store prosjekt når tyngda av kostnaden blir presentert skattebetalarane.

Kan det vere dags for våre styrande å stikke fingeren både i jorda og i havet, og ta seg ein liten tur i tenkjeboksen? Jage lobbyistane ut på gangen, og gå i gjennom alle prosjekt på nytt? Få dei reelle tala på bordet, få full oversikt over inngrep i norsk natur og verksemd til sjøs, og ikkje minst spørje kreftene bak utbyggingane: «What’s in it for me»? Dersom svaret er spenstige, høgtflygande teoriar om grøn energi, med teknologi som nokre smartingar skal finne opp i ei fjern framtid, og til kostnadar som ingen har peiling på, så bør konklusjonen vere grei: «Ha dykk herifrå, og så kan de kome att når de har noko vettug å by på. De kan til dømes starte med ein lang prat med serviceingeniøren i Måløy, som står midt oppe i det, kan faget sitt, og har nøkterne, gjennomtenkte løysingar på korleis vi best kan utnytte ein frisk sørvestkuling utan at tusen piggar kjem ut. Og ikkje minst at det ligg att ein brukbar neve klingande mynt hos innbyggjarar og lokalsamfunn».

Men, men … Det blir vel å pi … i motvind.