«SFE lær av BKK»

Dette lesarinnlegget er skriv av Geir Oldeide, Raudt.   Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skriv av Geir Oldeide, Raudt.

Onsdag hadde BKK møte og bestemte at dei legg all vindkraftsatsing på is inntil Stortinget har diskutert og lagt føringar for ny vindkraftpolitikk i Norge. Dette er svært gledeleg og bør vere ein tankevekkar for SFE. SFE bør snarast gjere det same. Vi vonar at BKK som storeigar i SFE også tek opp dette innad i SFE. Kinn kommune som største kommunale eigar i SFE må også gjere sitt til at planane om nye anlegg både på Stadtlandet og i Bremanger blir lagt på is.

Det kviler eit stort ansvar på nyvald leiar i SFE Per Kjøllesdal.