«Samarbeidsparti med dårleg moral og utan skruplar»

Dette lesarinnlegget er skrive av Kinn Senterparti kommunestyregruppa med vara: Sidsel Kongsvik, Jan Arve Midtbø, Fredrik Egeberg, Torgunn Elisabeth Eikevik, Randi Aare, Tom Andre Hopland, Asgeir Solheim, Marianne Kvalvik Kvamme, Øystein Sortland og Ragne Larsen.  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kinn Senterparti kommunestyregruppa med vara: Sidsel Kongsvik, Jan Arve Midtbø, Fredrik Egeberg, Torgunn Elisabeth Eikevik, Randi Aare, Tom Andre Hopland, Asgeir Solheim, Marianne Kvalvik Kvamme, Øystein Sortland og Ragne Larsen.

«Tillit er vanskelig å oppnå, men lett å øydelegge» sitat Herbert Asquith, britisk politikar.

Kinn Sp med Sidsel Kongsvik som varaordfører gjekk inn i samarbeidet med Ap hausten 2019, med tillit og forventningar om at samarbeidsavtala ville bli overhaldt. Kinn S var førebudd på at det ville komme til deler av det politiske samarbeidet der ein ville bli ueinig. Så lenge ein var einig om politikken som omhandla avtala, så hadde vi tru på at vi ville klare oss gjennom desse stridane.


Degraderinga av varaordføraren skapar reaksjonar

Fylkesleiar: – Det som skjer no i Kinn trur eg vil skade rekrutteringa til alle parti

Fylkesleiar Sigurd Reksnes i Senterpartiet Sogn og Fjordane er blant dei som reagerer sterkt på behandlinga varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) i Kinn kommune har fått.


Ganske raskt erfarte vi at dersom ein ikkje er einig med Ap, så er ein ikkje velkommen i noko som helst samarbeid. Her var det ikkje snakk om samarbeid, men heller eit Arbeiderparti som skulle diktere kva Senterpartiet skulle ha lov til å uttale av politiske ytringar.

Sidsel Kongsvik kom inn som fersk politikar og takka ja til å stå som ordførarkandidat for Kinn Sp, noko som vi er stolt over. Ho kom inn med stort pågangsmot og engasjement. Ho er ein flink varaordfører, som har opplevd svært kritikkverdige situasjonar utført av politiske motstandarar.


– De snakker om full fart. Jeg frykter full fart mot stupet

Geir Oldeide i Rødt frykter de økonomiske konsekvensene av det nye flertallssamarbeidet i kommunestyret i Kinn.


Sidsel Kongsvik er ei sterk dame, som har tørt å stille kritiske spørsmål når andre har vore tause. Ho har partifeller som også har tatt til ordet i sakar der Ap har blitt skuffa. Skuffa over at Sp ikkje kunne unne dei eit glas med vin på Knutholmen, skuffa over at Sp var kritiske til budsjettforslaget til rådmannen, skuffa over at Sp sa ja til Skram skole, ja til gymsal ved barneskolen, ja til lågare eigedomskatt, ja til utkantskular og ja til sjukeheimsplassar og eldebustadar i Florø. For vi har ytra det ved fleire høve, vi kan ikkje få alt, og prioriterer ein fotballhall, rådhus og svømmehall, så har ein ikkje råd til dei lovpålagte oppgåvene. Så er sannsynligvis dette straffa til Kinn Sp, fordi dei sette krav om innsyn i sakar som Ap ikkje ville skulle sjå dagens lys.

Vår erfaring er, dersom Ap ikkje kan true Sp til å bli einige med Ap, så finn Ap ein «syndebukk» som dei «straffar». Og denne gongen blei det vår kjære varaordfører Sidsel Kongsvik. For Sp er omtanken, omsorga og samvitet ovanfor innbyggarane i Kinn kommunen viktigast. Derfor dreia forhandlingane mellom Ap og Sp seg om å få fram partia sine politiske sakar, for Kinn Sp sin del, politiske saker som er lovpålagte for innbyggarane som viste oss så stor tillit under valet. Dette står i sterk kontrast til forhandlingane som no har utspunne seg, der det første Ap, H og V offentleggjer er einigheit om eigne lønningar. Ei offentleggjering der dei utan skam legg fram for folket, at dei har tatt inntekta frå ei aleinemor, og fordelt det utover på seg sjølve.


– Det er en vanvittig kruttønne de nå har tent lunta på

Frank Willy Djuvik (Frp) mener at den nye flertallskoalisjonen i Kinn kommune har vært mer opptatt av penger og posisjoner enn av politikk i den nye samarbeidsavtalen.


Det gjer oss fortvila at vi må stå i ein slik situasjon, at varaordføraren vår så til dei grader får ei så negativ oppleving av å ha engasjert seg politisk. Når ordføraren kommenterer at «det er slik den politiske kvardagen er for dei fleste av oss», så ber vi deg Ola Teigen, for ein gong skyld å vere oppriktig, for din politiske kvardag som ordfører er ikkje slik! Ser du mediadekninga rundt denne saka. Har du fått med deg ekspertar si uttale om saka? Forstår du at dette ikkje er den politiske kvardagen? At dette ikkje er noko som skjer i Noreg. Kven orkar å engasjere seg politisk om ein kan oppleve slikt? Sidan utvalsleiarane stig i løn, så burde vel du som ordførar også gå ned i stillingsprosent, sidan det då blir mindre arbeid på deg. Er du villig til å gjeve slepp på noko av lønna di som ligg i overkant av 900.000 kroner i året?

Ap, H og V reduserer lønna til varaordføraren frå 632.000 til 50.000, noko som tilsvarar ein reduksjon på ca. 570.000 kr over natta. Det er ikkje å ta vare på kommunen og innbyggarane. Hugsar du ordførar innlegget ditt i Firdaposten 16.september 2019? Då du stod fram og signaliserte til folket at du kunne ikkje møte kravet til Venstre, krav som innebar verv og løn til toppleiaren i Venstre. No har du latt varaordføraren igjen med tittelen, mens du har gjeve 400.000 kr i året til toppleiaren i V for eit verv som forhenværande leiar fekk ca 70.000 i året for, og gjeve resten til H og dine eigne Ap-kollegaer med ei samla utbetaling på 900.000 kr i året.

Dette er ikkje å spare, dette er å tappe kommuneøkonomien for enda 230.000 kr som de puttar i eiga lomme. Kvar er samvitet ditt/dykkar ovanfor barna som har gym ute i kulde, regn og sludd, med klassar som er så store at lærarane vert utslitne. Ovanfor dei eldre som ikkje får gode nok tilbod om bustadar og hjelp som dei har behov for. Ovanfor minstepensjonistar som ikkje har råd til gåver til barnebarn pga. auka eigedomskatt, ovanfor elevar som har ein skule der det lekk frå taket og klimaet er dårleg.

Ved å redusere stillingsprosenten til varaordfører Sidsel Kongsvik, har Ap, V og H tatt frå ei aleinemor og gjeve til sine eigne, forverra det politisk samarbeidet, skapt skepsis mht. nye politiske engasjement, utvist kynisme, samvitslause og manglande empatikjensle ovanfor varaordføraren og barna hennar. Er det slik de skal bygge Kinn kommune. Det er ikkje motstandarar av Kinn kommune som saboterer kommunen. Det gjer førekjemparane for Kinn kommune Ap, H og V sjølve. De klarar å gjere dette sjølve ved å skape større, og større konfliktar mellom nord og Sør-Kinn.


– Det er en vanvittig kruttønne de nå har tent lunta på

Frank Willy Djuvik (Frp) mener at den nye flertallskoalisjonen i Kinn kommune har vært mer opptatt av penger og posisjoner enn av politikk i den nye samarbeidsavtalen.


Sitat Asbjørn Røiseland, professor i statsvitenskap ved Oslo ang. saka «Eg synst det er trist på vegner av lokaldemokratiet, og eit brot på heile filosofien og ideen om korleis eit kommunestyre skal fungere. Tilliten til lokaldemokratiet vert svekka. Kanskje treng Kinn nye politiske leiarar som må sjå på ting med friske auge».

Kinn Sp ber dykk med dette om å revurdere situasjonen og dykkar eigne politiske leiarar. Slepp til nye friske auge, som kan bidra positivt i det politiske miljø. Dei kan klare å gjere noko de ikkje mestrar lenger. Dei kan klare å skape ny tillit til lokaldemokratiet og politisk samarbeid . Ein bør ha godt omdømme, og slik vi ser det er omdømme dykkas betrakteleg svekka og frynsete i dei kretsar som er gjeldane for å få gehør for bygging av ein ny kraftkommune.


– Det handler ikke om å ta noe fra noen, men å endre organiseringen av det politiske arbeidet

Ordfører i Kinn, Ola Teigen (Ap), forstår skuffelsen innad i Senterpartiet, men mener den nye politiske organiseringen i Kinn var nødvendig.