«Det er ei sak den nye leiartrioen i partiet er nøydde til å ta stilling til med ein gong, og det er vindkraft»

Dette lesarinnlegget er skrive av Rune Seljeset.  Foto: privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Rune Seljeset.

Venstre og vindkrafta – stopp raseringa av Haramsøya og Stad!

Ønskjer den nye leiartrioen all mogleg lukke i arbeidet framover!

Men det er ei sak partiet er nøydd til å ta stilling til med ein gong, og det er vindkraft!

På Facebook-sida har Venstre bilde av lundefuglen under slagordet "På lag med framtida". Det ironiske er at leveområda til lundefuglen blir sterkt reduserte og raserte gjennom vindkraftutbyggingane som no er i starta opp på Haramsøya og Stad. Desse må stoppast inntil sakene er skikkeleg opplyste, både politisk og rettsleg.

Utbyggarane hastar seg veldig, no som Stortinget har ferie (men med NVE og OED si velsigning), sjølv om dei hoppar bukk over svært mange sakshandsamingsfeil. Den store feilen er at konsesjonane er så gamle, at dei burde utløyse krav om ny behandling. Dessutan er dei heller ikkje samkøyrde med kommunane sine arealplanar og kommuneplanar. Når rolege aktivistar peikar på dette – og dei naturleg nok vil hindre utbygginga – blir dei kriminaliserte. Mange grunneigarar blir gjort rettslause på sin eigen grunn, sjølv om utbyggar ikkje har inngått avtale om utbygging. Dette er ikkje ein rettsstat verdig!

Facebook-sida til Venstre omtalar også Mardøla-aksjonane i svært positive ordelag. Dagens planlagde vindkraftutbyggingar, både til lands og til havs, krev at Mardøla-aksjonane må vekkjast til live igjen! At Venstre i regjering no i praksis står på utbyggarane si side, og har late vern av dyreliv, natur og landskap segle sin eigen sjø, strir mot alt eg har trudd Venstre har stått for. Det går ikkje an å vere så opptatt av den vesle energimengda vindturbinane skapar, at ein overser dei store skadane. Det er ikkje ein god klimapolitikk, når den raserer naturen! Venstre må vere vel oppteken både av klima og natur? Motivet for å redde klimaet, er vel djupast sett å redde naturen, ikkje øydeleggje den?

I regjering har Venstre redda Senja for oljeutbygging. Ser ikkje Venstre at vindkraftutbyggingane er like skadelege for natur og dyreliv? At for eksempel havsul utanfor Mørekysten er like skadeleg for fisk, og ikkje minst fugl, som ei oljeutbygging vil vere for fisk og fugl utanfor Senja (jf det ironiske bildet av lundefuglen)?

Eit anna spørsmål er om treng energien frå vindkrafta. Oppgradering av dagens vassturbinar, ENØK-tiltak i alle samfunnet sine sektorar, og betre linjenett, vil tilføre samfunnet meir energi enn vindkrafta. Min påstand er derfor at ein øydelegg naturen utan grunn. Dette kan vel aldri vere god Venstre-politikk?

Dessutan er konsesjonane i stor grad gitt til utanlandske selskap, eller selskap utan lokal tilknyting. Dagens vasskraftverk har i alle fall lokale utbyggarar, slik at dei er forankra lokalt. Eg lurer på kva Oslo sine innbyggarar hadde sagt om Oslo hadde vorte omkransa av vindturbinar høgare enn Holmenkollen, utbygt av eit utanlandsk selskap, eller for eksempel eit kraftselskap frå Vestlandet? (jf Viken fylkeskommune si deltaking i utbygginga på Haramsøya). Mangelen på lokal forankring bør også vere eit stort Venstre-problem, jf. Venstre som eit parti som har kjempa for folkestyre og folkelig deltaking.

Eg er dessverre redd for at viss ikkje Venstre kjem seg over på naturvernet og folkestyret si side faderleg fort, vil tida for Venstre vere ute. Eg håpar derfor på eit klart standpunkt mot vindkraft, så snart som mogleg. Skal prosjekt realiserast, må dei i alle fall forankrast lokalt, og ei forsvarleg sakshandsaming må liggje til grunn.

Å stå på utbyggarane si side vidare, vil føre til at restane av distrikts-Venstre vil døy ut. Vi er mange frustrerte Venstrefolk, som håpar dette ikkje skjer. Viss Venstre meiner noko med naturvern, miljøvern, folkestyre og rettsstat, bør dette vere ei lett sak.

Lukke til med prosessen vidare! Men her må det handlast fort, for natur blir øydelagt kvar dag – utan grunn!