«Elefanten i rommet»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

Trygve Slagsvold Vedum har eit flott innlegg i media i desse dagar om og mot sentraliseringa av m.a. Sogn og Fjordane. Statistisk Sentralbyrå har som kjent spådd at dette berre vil fortsette framover og at folketalet vil synke. Vedum peikar på at dette på mange måtar er politisk bestemt og at ein kan velje ein annan politikk for å satse på distrikta.

Det meste av det Vedum skriv kan eg utan tvil stille meg bak og stå saman med han og Sp på. Det er det Vedum IKKJE seier noko om som er litt problematisk.

Eg saknar eit klart standpunkt frå Vedum ang reversering av Vestland og gjenoppretting av Sogn og Fjordane. Sp har vore veldig klare på at kommune- og regionreforma er ein stor sentraliserings-kampanje, at den forsterkar den pågåande sentraliseringa. Eg har prøvd å følgje med når Vedum har uttala seg i media om dette med reversering og då er det Finnmark/Troms og Viken han alltid dreg fram. Kvifor ikkje nemne Vestland i same andedraget, Vedum? Du veit jo godt at Sp i Sogn og Fjordane har gjort vedtak om at dei vil reversere Vestland? Viss Sp sentralt meinar at dei vil reversere Vestland også så må du flagge det standpunktet klart og tydleg. Og så skulle eg veldig gjerne sett at du hekta på nokre ord om reversering av Kinn kommune også.