«Kjære sambygdingar lat oss ikkje krangle og kivast. Lat oss samlast slik demokrati skal vere, la oss støtte kvarandre sine meiningar og la oss vere eitt folk»

  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av leiar Hans Christian Hansen i Stad Landskap:

Rett til å meine

Først og fremst tykkjer eg det er synd det som no skjer på Stadlandet. At bygdefolk kranglar er eit problem som kan sette djupare og varigare spor i eit lite samfunn enn noko anna. At Okla-utbygginga splittar bygda er det ikkje tvil om. Det synest eg er synd. At ho splittar familiar er berre trist å sjå. Slik er det mange plassar i Norge der storkapitalen brøytar seg fram

Saka om Okla handlar ikkje om vegar på fjellet, ei heller om linjekapasitet eller økonomi. Det handlar om brotne lovnader, misbrukt lovverk og maktmisbruk heilt i toppen av det norske demokratiet. Vi skal ta omsyn til grunnpilarane i våre levde liv. Vindkraft gir oss generelt svært lite nytte, og når det då i tillegg fører til auka utgifter for oss som bur i dette landet, ja då vert det berre enda ei stadfesting på alt som er feil. At dyreliv vert råka er også ei kjensgjerning. Vi skal forvalte naturen og jorda vi bur på, ikkje øydeleggje. For oss som vaks opp med den generasjonen der alle var avhengige av å forvalte grøda for å kunne få mat på bordet burde det vere enkelt å ta eitt standpunkt om kva som er rett og kva som er feil.

Det handlar heller ikkje om linjekapasitet eller arbeidsplassar. Dersom turbinane vert starta vil dei bruke nesten all kapasitet, det har faktisk blitt stadfesta tidlegare.

Eg vil kjempe mot utbygginga på grunn at eg synest rett skal vere rett. Lova er lik for alle, og bør også vere det for dei som vil bygge ned norsk natur. For det er det dei gjer, dei tar natur og forvandlar det til industriområde.

Men å kjempe ein slik kamp er hardt og tøft, og som folk flest har fått med seg langvarig. Folk har lovfesta rett til å meine, seie og tru. Personleg har eg lært at å meine og tru er noko anna enn å seie. I alle fall i det offentlege rom. Då skal du stå støtt når grannen, søster eller bror til og med foreldre kritiserer di tru. Men om det er det som må til for at rett vert rett så tykkjer eg at den kampen skal takast. Men då må sak vere det viktige, ikkje person.

Eg er glad for at all støtte eg får med min familie og med mine venner. Men eg vert lei meg når eg møter folk som har ei anna meining enn sine venner og familie og ikkje tør seie noko. Frykt er svært ofte det som øydelegg for ytringsfridomen, egoisme ein annan.

Det som kan samle folk til å ta vare på det vi har, og føre til auka samhald er ærlegdom, tru, og kjærleik til land og folk. Ja vi elskar dette landet er vår nasjonalsong. Om vi ikkje trur på det vi syng kan vi like gjerne la vere. Men om vi trur og meiner det vi syng, så må vi støtte kvarandre og respektere andre sine meiningar. Vi må ta oss tid til å sette oss inn i kva dei meiningane er bygd på.

Saka om Okla bør handle om sak. Men kjensler kjem ofte i vegen og øydelegg. 14 år og tusenvis av saksdokument handlar ikkje om 5 turbinar. Det handlar om demokrati for oss som bur og lever her. Det handlar om at rett skal vere rett. Det handlar om oss.

Så kjære sambygdingar lat oss ikkje krangle og kivast. Lat oss heller samlast slik demokrati skal vere, la oss støtte kvarandre sine meiningar og la oss vere eitt folk.