«Den kinnesiske draumen»

Dette innlegget er skrive av Øystein Sortland, som er vara til Kinn kommunestyre for Sp. Her er han i samtale med partifeller Nils Myklebust og Randi Aare, samt ordførar Ola Teigen (Ap).  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Øystein Sortland.

«Den kinesiske draum» har vore eit viktig politisk motto i Kina det siste tiåret. Slagordet femner om draumen om å få ned talet på fattige og om å få heile landet inn i rikdommen.

Lokalt har vi fått vår eigen kinnesiske draum, visjonær og med høge mål om å gjere Kinn til eit kraftsenter på kysten. Men der det store riket i aust har kunna vist til vekst er det langt meir usikkert på om ein lokalt vil lukkast. Ein treng i første rekkje at innbyggjarane sjølve trur på den store draumen. Det er knappast tilfellet i Kinn. Manglande fellesskap, ein vanskeleg geografi og ein kronglete veg fram mot samanslåinga utgjer eit flettverk av årsaker til dette.


Innrømmer at forslaget om lønskutt var lite gjennomtenkt

Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen (Ap), innrømmer at forslaget om å kutte løna til varaordføraren var for lite gjennomtenkt. No vil dei sjå på saka på nytt.


Med det nye fleirtalssamarbeidet i Kinn kommunestyre er det ja-partia som rår. Fallhøgda er stor og ansvaret må tyngje. For det er no Kinn-tilhengjarane skal vise veljarane innhaldet i den kinnesiske draumen. Det er høge forventningar om vekst og utvikling og om snarleg realisering av fotballhall i Florø, badeanlegg i Måløy, nytt rådhus i Florø, ny Skram skole og nye brannstasjonar i både Måløy og Florø. Vidare skal Kinn kommune sikre innbyggjarane lovpålagde tenester av god kvalitet og av tilstrekkjeleg omfang. Det blir spanande å sjå om kvardagen raskt innhentar dei nygifte eller om vi får sjå ein kommunal byggjeboom på lånte pengar.

Lukkast ikkje ja-partia på samtlege punkt burde det faktisk ikkje vere rom for bortforklaringar. I alle fall ikkje for ein robust kommune som Kinn.

Å vere politikar er ingen søndagsskule, blir det sagt. Og det er synd det må vere slik. Argumenterer ein ryddig og greit burde ein bli møtt med same tone, utan aggresjon eller hersketeknikkar. Alle har eit ansvar for å oppføre seg skikkeleg. Ein må kunne få uttrykkje seg og engasjere seg uavhengig av kva arbeidsgivar eller naboar meiner. Alle fortener å bli respektert for meiningane sine, sjølvsagt også anten ein er for eller mot samanslåinga av Vågsøy og Flora.


Kutta i løna til varaordførar og gir no 900.000 til eigne utvalsleiarar

Den nye samarbeidskoalisjonen i Kinn som består av Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre fordeler 900.000 kroner i løn til eigne utvalsleiarar.



Tilhengjarar av samanslåinga viser jamnleg til at Kinn kommune no er ein realitet, at ein må leggje motstanden til sides og kome seg vidare. Dette er å undervurdere ein betydeleg del av innbyggjarane og reaksjonen på korleis samanslåinga har gått føre seg. Motstanden og skepsisen til Kinn kommune vil vere seigliva og kan ikkje teiast i hel.

Altfor mange kjenner seg trakka på, enkelt og greit.

Politikken må nødvendigvis krinse om noko anna enn stadige omkampar. Men somme saker er så eksistensielle og prinsipielle at omkampar likevel er legitime. Ei reversering av Kinn kommune er ei slik sak.

Dei nye samarbeidspartia i Kinn kommunestyre satsar kanskje på at stormen vil leggje seg og at motstanden mot Kinn-samanslåinga sakte men sikkert vil stilne. Faren for at dei tar feil er overhengjande.

Vi lever no i den kinnesiske draumen, sett i scene av folkevalde som har sett folkeviljen til side i den tru at det er dei sjølve som veit best.

Tida vil vise om den kinnesiske draumen til sjuande og sist snarare rir kystane våre som ein maredraum.

Eller er endå fleire i ferd med å vakne?