«Koronapandemien er ikkje berre ei helsekrise, men også ei systemkrise. Ein nyttig vekkjar?»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kandal, distriktsleiar Raudt Sogn og Fjordane.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Kandal, distriktsleiar Raudt Sogn og Fjordane.

Koronapandemien er ei helsekrise, men den er også ei systemkrise. Fleire hundretusen er no utan arbeid, og i tillegg er vi på overtid med å stanse klimautsleppa og nedbygginga av sårbar natur. Vi treng kraftfulle tiltak som får folk i jobb, utsleppa må reduserast og samfunnsberedskapen må rustast opp. I tillegg må vi ha ein meir rettferdig økonomi som styrkar fellesskapen.

Raudt har derfor utarbeidd eit kriseprogram for å svare på desse utfordringane og har i tillegg jobba med kortsiktige krisetiltak. På Stortinget har Raudt fått auka dagpengane for permitterte og arbeidslause og ikkje minst for lærlingar, som står i fare for å få spolert heile utdanninga si. Vi har også lagt politisk press på bankane for raskare rentenedsetjing for folk med gjeld.

Mens mange land må ta opp store statslån for å kjempe mot pandemien, har Noreg eit oljefond på over 10 000 milliardar. Så lenge det finst samfunnsnyttige oppgåver og ledig arbeidskraft, må det vere god samfunnsøkonomi å bruke pengane som trengst til å halde hjula i gong og investere i framtidsretta industri og klimatiltak i Noreg, framfor å kjøpe handlegater i London.

Raudt jobbar for at vegen ut av korona-krisa blir eit oppgjer med Forskjells-Noreg og at rekninga må delast rettferdig. Mange utan jobb blir ståande i NAV-kø, og det er innført eit skilje mellom dei som mista jobben før og etter at korona-krisa ramma. Uansett når ein mista jobben, er kostnadane like store og krisa like reell. Raudt forslår derfor å gi alle som mottar dagpengar 80 % dekning opp til 300 000, ei ordning med sosialhjelp til ledige som ikkje er sikra inntekt og forlenging av desse ordningane som regjeringa vil stanse 1. november.

For å finansiere noko av dette, vil Raudt ha auka skatt på korona-utbytte og setje ned eit utval som skal følgje med på økonomiske forskjellar og urettmessig gevinst på grunn av krisa. Vi vil også kutte 20% i politikarane si godtgjersle og avblåse norsk deltaking i militæroperasjonar i utlandet som ikkje er i FN-regi.

Det er eit paradoks at viktige næringar manglar arbeidskraft, samtidig som fleire hundre tusen er arbeidslause. Og viss arbeid til alle er jobb nummer ein, kvifor lar vi useriøse bemanningsbyrå ta seg av dette?

Vi risikerer at krisa gir større rom for useriøse aktørar, der faste stillingar blir erstatta med innleige gjennom bemanningsbyrå og at det blir meir arbeidslivskriminalitet. Derfor vil Raudt ruste opp NAV med 800 nye stillingar, auke talet på tiltaksplassar og etablere ein statleg bemanningspool for industrien. I tillegg må både Arbeidstilsynet og fagrørsla styrkast, for å forhindre useriøse aktørar og færre faste tilsetjingar som følgje av korona-krisa.

Koronapandemien viser oss verdien av eit sterkt felles velferdssamfunn og alle som jobbar der. I tillegg ser vi no kor viktig det er med nasjonal sjølvberging og samfunnsstyring. Legemiddelindustrien satsar berre på det som er lønnsamt, og då krisa ramma, var det fare for mangel på både medisinar og smittevernutstyr. Frå 1953 hadde Noreg eit eige statleg selskap for import, lagring og distribusjon av medisinar, Norsk Medisinaldepot, men dette selde Stoltenberg-regjeringa til private investorar i 2001. Raudt vil derfor sikre offentleg eigarskap i medisinproduksjonen og byggje opp att eit nasjonalt medisindepot som har lagerbehaldning for 50 veker av smittevernutstyr og viktige medisinar.

Kor viktig velferdstenestene vår er, har kome tydeleg fram i samband med pandemien. For regjeringa har det vore viktig med effektivisering i offentleg sektor, ikkje å sikre beredskapen. Derfor vil Raudt foreslå 10 000 nye stillingar innan felt som barnevern, barnehage, skule, kommunehelseteneste og sjukehus. I tillegg må det bli slutt på ufrivillig deltid.

Vi veit ikkje kva som vil møte oss av kriser i framtida. Derfor er det viktig å auke graden av sjølvforsyning og styrke den norske matproduksjonen. Raudt vil reetablere eit statleg kornlager, kutte moms på norsk frukt og grønsaker og ha ein tiltakspakke for norsk landbruk basert på norske ressursar. I tillegg vil vi auke støtta til el-sjarkar og ilandføring av fisk. Det må vere strenge krav til foredling i Noreg, framfor nedfrysing og filetering i Kina.

Korona-pandemien har vist oss kor sårbart vårt moderne samfunn eigentleg er. Derfor har Raudt ein landsomfattande aksjonsdag mot koronaen 19. september. I tillegg hastar det med å ta menneskeskapte klimaendringar på alvor. No må vi ta lærdom av dette og gjere grunnleggjande samfunnsendringar, slik at vi er rusta til å møte framtidige utfordringar. Slik sett har korona-pandemien kanskje vore ein nyttig vekkjar?