«På tide å sjå framover»

Dette lesarinnlegg er skrive av Silje Ødegård Standal (bilete) og Solveig Willis.   Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Solveig Willis, leiar Kinn Ap, og Silje Ødegård Standal, gruppeleiar Kinn Ap:

På tide å sjå framover

I lesarinnlegg, intervju og kommentarfelt dei siste vekene omtalar medlemmar frå vårt tidlegare samarbeidsparti Kinn Sp, Kinn Ap sine folkevalde på ein særdeles ufin måte. Det vert sagt at Arbeidarpartiet har dårleg moral, dårleg kvinnesyn, er utan skruplar og har inga ryggrad. Det vi har gjort er skammeleg, nedrig, simpelt og usmakeleg, seiast det.

Orda som vert slengt ut i lesarinnlegg og i sosiale medium overraskar ikkje. Vi opplever at dette er karakteristisk for klimaet som har rådd i delar av kommunestyregruppa til Kinn Sp, når vi gjennom det første året har forsøkt å finne saman og samarbeide. Vi skriv delar, då det er fleire i Kinn Sp som vi har opplevd ein god, ryddig og tydeleg dialog med.

I Flora kommune hadde vi god erfaring med samarbeid mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og gruppa var glad då vi fekk på plass ein samarbeidsavtale med Sp, SV og MDG, og danna ein posisjonskoalisjon som skulle styre Kinn kommune dei neste fire åra.

Etter konstitueringa vart vi kjend med at einskilde i Senterpartiet nekta å stille seg bak samarbeidsavtalen. Fredrik Smiley Egeberg skriv sjølv på sosiale medium at berre seks av åtte frå Sp stilte seg bak avtalen. Egeberg, som ein av dei som ikkje stilte seg bak avtalen, skuldar til alt overmål Ap for å bryte den same avtalen. Det er naturleg at eit samarbeid har full tilslutning frå alle partar, og i det politiske arbeidet er fleirtal i saker avgjerande for å sikre gjennomslagskraft for dei partia som samarbeider.

Sp si gruppe skriv at dei hadde forventningar om at samarbeidsavtalen ville bli overhalden, og det er også forventningar vi i Arbeidarpartiet hadde. Realiteten er at to medlemmar i kommunestyregruppa til Sp aldri stilte seg bak samarbeidsavtalen, og då kan ein jo lure på kva samarbeidsavtale dei hadde forventningar til.

Så kom den politiske kvardagen. I sak etter sak som skulle til politisk behandling, vart det gjennomført møter i forkant der gruppeleiarane frå MDG, SV, Ap og Sp drøfta, forhandla og vart samde. Når ein så kom til møta der vedtak skulle gjerast valde delar av Sp si gruppe å bryte med både eiga gruppe og samarbeidspartia. Dette skjedde fleire gongar i både utval, kommunestyre og formannskap, og førte til både forseinkingar i viktige saker, auka kostnader, sløsing med administrasjonen si tid og at det vart opposisjonen i staden for fleirtalskoalisjonen sin politikk som vart vedteken.

I serien skuldingar mot Ap er det stadig gjentaking av at Ap brukar pengar på det Sp definerer som ikkje-lovpålagde oppgåver, og at vi aukar skattane meir enn det som bra er. Sanninga er nok litt annleis.

Då Ap, SV og MDG i budsjettet for 2020 berre klarte å finne midlar til planlegging av Nordfjordbadet, kravde Sp at badet skulle på plass! Finansiering fekk ein berre til med auke i eigedomsskatt. Då ordførar seinare bad rådmannen prøve å realisere badet i samband med skuleutbygginga, går varaordførar ut i avisa og kjeftar på ordførar fordi han er positiv til badet som nettopp Sp forlangte inn i budsjettet. Ikkje nok med det, Sp meiner også at eigedomsskatten er for høg og vil stå fram som garantisten for å få den ned. Sp er ivrige med framlegg til utgifter, men nektar å stille eller støtte framlegg på inntekter.

I januar er det semje om at Kommunedirektøren til juni-møtet må komme attende med plan for ny Skram skule. I mars kjem opposisjonen med eit nytt framlegg med ei heilt ny bestilling. Sp bryt med samarbeidspartia og kastar seg på opposisjonsframlegget. To månadar med arbeid frå administrasjonen vart kasta vekk. Inga sak vart klar til juni. Kva gjer Sp? Skuldar kommunedirektøren for sein framdrift og Ap for å vere imot Skram skule.

I mars stemmer Sp i lag med opposisjonen for at vi heller skal bruke tida til interpellasjonar enn å få handsama vedtakssakene i kommunestyremøtet. Vi rekk så vidt å handsame saka om Skram skule. Sak om kommunale avgifter, der kommunen risikerer å måtte tappe bufferfondet med 10 millionar kroner, vert ikkje handsama. Ekstrarekninga som Sp i lag med opposisjonen påførte kommunen, kunne drifta fem lovpålagde institusjonssengeplassar.

Når Sp skuldar Ap for å vere motstandar av ny gymsal ved Florø barneskole er det igjen påstandar utan sanning. Det er vel neppe andre parti som har arbeidd meir med denne saka enn Ap. Vi var klare til å bygge på Malkenes-tomta. Då ville hallen vore ferdig no. Gymsalen er vedtatt, med blant anna Ap sine stemmer. Den ligg inne i vedtatt revidert budsjett og ventar på ny reguleringsplan, noko Ap har vore pådrivar for.

I arbeidet med revidert budsjett i juni kom SP rett nok i siste runde med framlegg til innsparingar. Ved gjennomgang synte det seg at for å innfri desse urealistiske innsparingar, måtte eit stort tal kommunalt tilsette seiast opp med verknad rett over sommaren. Men som SP skreiv i e-post til ordførar og gruppeleiar, var størrelsen oppseiingar ikkje var så farleg, for det skulle skje i Florø og ikkje i Vågsøy.

Sp forsøker i gjentekne innlegg å vri det til at det var AP som braut samarbeidet. For alle som driv med politikk så er budsjettet sjølve fundamentet i det praktiske politiske arbeidet. Det er der ein finn rammer for kva saker ein kan gjennomføre, og korleis ein skal finne inndekning.

Når Sp ikkje klarte å bli einige internt og forplikte seg til å levere eit revidert budsjett i lag med MDG, SV og Ap, så var fundamentet for samarbeid vekk.

Vi i Kinn Ap er skuffa over at Sp ikkje ville samarbeide vidare med oss. Vi gjekk inn i samarbeidet etter valet med tillit og forventningar til eit samarbeid, men vi opplevde raskt at det ikkje var gjensidig tillit frå Sp til oss.

Vi har også forståing for at Sp er frustrert og skuffa over dei ikkje lenger er ein del av fleirtalet. Men Sp har sjølv uttalt i media at dei ikkje har fleirtal i eiga gruppe for eit vidare samarbeid med Ap. At ein trass dette legg skulda på Ap vitnar om manglande sjølvinnsikt.

Det er nok både frå vår side og frå Sp si side gjort feilsteg i eit samarbeid som kom skeivt ut frå starten. Dette er beklageleg, men resultatet er at det er landa eit nytt politisk fleirtal, og no ynskjer vi å sjå framover.

Innbyggjarane i Kinn er tent med at det i store saker er eit godt tverrpolitisk samarbeid, og at vedtak i kommunestyret vert sett i verk utan stadige omkampar. Det er når partia står i lag for utvikling og aktivitet for Kinn at vi er på vårt beste. Vi frå Ap vil gjerne ha ein god dialog med alle parti, både dei i posisjon og opposisjon, for å finne dei beste løysingane saman for kommunen vår.

Arbeidarpartiet vil invitere alle partia i kommunestyret til å bidra i arbeidet med å skape ein god kultur for å kunne utvikle politikk og stå samla til det beste for heile kommunen.