«Å gjev du batt meg»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt:

Å gjev du batt meg

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) og medlem i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget Ove Trellevik (H) har vore på besøk og blitt utfordra på bruka av tvang for å slå saman kommunar. Dei er, ikkje heilt uventa, positive til meir bruk av tvang. Og grunngjevinga: Små barn (les:folket) forstår ikkje sitt eige beste. Eller sagt med ministeren sine eigne ord: Hadde det vore frivillig for ungane mine å vere med på tur når dei var små, så hadde dei aldri blitt med. Det kan jo vere freistande å spekulere på kva oppdraging ministeren har drive med når småbarna hans ikkje ville vere med faren på tur. Det får vi la ligge.

Men det må no vere litt nedverdigande for både Høgre-folk og Høgre-veljarar å bli betrakta som uvitande ungar i eit så viktig spørsmål som korleis lokalsamfunnet skal vere forma ut. Det er kanskje difor også leiaren i Kinn Høgre, Arlene Vågene, ikkje vil meine noko om saka? Små barn bør vel teie seg i still når vaksne snakkar om viktige spørsmål. Ho hadde ifølgje media i alle fall inga meining for eller imot tvang.

Det er ikkje fleirtal i Stortinget for å bruke tvang mot fleire kommunar og fylke. Og slik det ligg an på meiningsmålingane så vil det heller ikkje bli noko fleirtal for meir bruk av tvang i kommande periode. Men det er det no opp til folket å bestemme om tvangspartiet Høgre skal fortsette med regjeringsmakt. Og så er tvang så mangt. Vi er mange som meiner at både Kinn kommune og Vestland fylke vart til ved tvang. Kinn fordi folket i Vågsøy vart overkøyrt av eit knapt fleirtal av Vågsøy-politikarar, Vestland kommune fordi folket i Sogn og Fjordane aldri fekk lov til å seie meininga si om samanslåinga. Mykje tyder nemleg på at veslebroren også i den samanslåinga var meir enn skeptisk til det som vart gjort.