«Arbeidarpartiet skuldar Senterpartiet for brotet, men det var Ap som proklamerte det»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Kinn Senterparti:

Svar til Silje Standal og Solveig Willis frå Kinn Sp

Dei karakteristikkane som det blir vist til i første avsnitt, er det ikkje berre Senterpartiet som har stått for. Det er ei samla presse, professorar og vanlege folk. Det seier vel sitt om det som Arbeidarpartiet har stått for med omsyn til handsaminga av Sidsel Kongsvik. Kan Arbeidarpartiet vente at klimaet vert godt av slikt? I Vågsøy hadde vi dårlege erfaringar med samarbeidet med Arbeidarpartiet og det var vel Senterpartiet si skuld det også? Og kven er dei som dykk omtaler som «fleire» i Senterpartiet som har opplevd ein god, ryddig og tydeleg dialog med Arbeidarpartiet. Såg de kven som skreiv namna sine under på innlegget vårt som dykk svarar på? Der var alle namna i Kinn Senterparti si kommunestyregruppe, og vara.



Når vi var i forhandlingar hausten 2019, så var dette eit tema. Vi spurte oss sjølve om vi kunne stole på Arbeidarpartiet. Gode forsikringar frå Arbeidarpartiet sjølve om at vi ikkje hadde noko å frykte, der vi mellom anna fekk garantiar frå Tove Lill Refvik om at Arbeidarpartiet aldri ville bryte med Senterpartiet igjen, førte til at vi gjekk inn i samarbeidet med ny tillit til Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet har ikkje eineretten til å ville innbyggarane sitt beste, la det vere heilt klart. Senterpartiet er for eit folkestyre som betyr at ein lyttar til folket.

Så har ikkje Senterpartiet tradisjon for partipisk slik som Arbeidarpartiet har. Dei som dykk nemner som reserverte seg frå delar av avtalen var kjent alt frå starten av. Arbeidarpartiet stod heilt fritt til å ikkje akseptere det, noko som dykk sjølv valde å akseptere. Heile Sp-gruppa stemte for Ola Teigen som ordførar, noko vi har angra sterkt på i ettertid.

Vi ber Arbeidarpartiet vere spesifikke på kva i avtala Senterpartiet ikkje har halde. Vi treng konkret å bli minna på det, for vi kan ikkje hugse at vi har gjort noko anna enn å halde oss til alle punkt. Hugs at om Arbeidarpartiet er «velsigna» med å kunne bruke partipisk i si gruppe, så vil ikkje denne partipisken hjelpe å sveipe over andre parti sine politiske grupper, i alle høve ikkje Senterpartiet si gruppe. Kinn Sp skal arbeide fram sin politikk. Vi står ikkje i politikken for å vere haleheng til Arbeidarpartiet.

I budsjettet sin tekstdel, så står der: «Rådmannen skal i løpet av våren 2020 ha føretatt ein gjennomgang av investeringane i kommunebudsjettet og komme til bystyret med ein sak om korleis disse bør gjerast. Det er ein føresetnad at politikarane skal vere løypande involvert i budsjettprosessen, gjennom hovudutvala og formannskapet som finansutvalet, for å bli betre kjent med heile Kinn sine investeringar.»

Dette har ikkje ordførar eller kommunedirektøren følgt opp. Dette har skapt mykje frustrasjon som med fordel kunne vore unngått. Tvert imot, så har ordførar vore medverkande til at utvala ikkje har fått ein del utbyggingssaker. Likevel så vart der sett i gong prosjekt utan anna politisk handsaming enn at det stod i budsjettet. Dette er ikkje i tråd med god sakshandsaming! Slik er politikken prega, av informasjon som blir halden tilbake og stiller ein spørsmål så får ein ikkje svar frå verken kommunedirektør Terje Heggheim eller ordførar Ola Teigen. Får ein svar så er det ofte dårlege svar som er pakka godt inn i politisk svada og det løyser ingenting. Då vert det politiske arbeidet tungt, og framdrifta på dei politiske sakene dårleg. Saker vert utsett, mange saker kjem ikkje opp og ein får gjort lite.

Senterpartiet har hatt klare prioriteringar, som helse og omsorgsplassar i Florø, barneskular i Florø og Måløy og tekniske tenester. Hadde kommunen hatt råd, så ville vi også ha vore med på det meste. Vi vel å ikkje føre innbyggarane bak lyset, å love gull og grøne skogar når vi veit at kommunen ikkje har råd. Ap ser på si side ut til å ikkje forstå den kritiske økonomiske situasjonen som kommunen står ovanfor.

Under handsaminga av utbygginga på Kulatoppen i Vågsøy kommunestyre, opplyste kommunedirektør Heggheim at når det nye kommunestyret i Kinn var konstituert, så skulle alle prosjekt i Kinn godkjennast og gjerast vedtak om i Kinn kommunestyre.

Det som var lagt inn i budsjettet med omsyn til symjeanlegg og Skram skole, var dei tala som fleirtalet i Vågsøy kommunestyre vedtok med Ap i spissen, ikkje det som Sp var med å fremma. Så er det også slik at Arbeidarpartiet ville ha fotballhall, men ikkje symjeanlegg i Måløy. Vi gav signal om at intensjonsavtala dermed blei broten. Kinn Sp er ikkje for verken fotballhall eller symjehall, men vi ønskjer eit symjeanlegg i samband ved Skram skule. Slik vi ser det no, så er det jo ikkje så nøye for Kinn Ap om dei bryt nokre avtaler her og der.

At Senterpartiet ikkje ville auke eigedomsskatten er heilt rett, men vi var einige med Arbeidarpartiet og dei andre om at vi skulle sjå dei kommunale avgiftene og skattane samla.

Med omsyn til Skram skole, så var foreldra og alle partia utanom Arbeidarpartiet einige om at der ikkje var grunnlag for å flytte elevane til Deknepollen før det var bestemt kva som skulle skje med skulen, noko også Ap sine representantar i utvalet stemte for, men som vart endra i Arbeidarpartiet sitt forslag i kommunestyre. Så då bør dykk kanskje feie for eiga dør, før dykk feiar for Senterpartiet si med omsyn til å nøle med å ta ei avgjerd.

Spørsmålet som vart reist om kva framdrift det var ved Skram skole, var med bakgrunn i at kommunalsjef Jåvold opplyste at ingen jobba med prosjektet. To medlemmer av Kinn Senterparti stilte fleire gonger konkrete og gjentakande spørsmål om den fråverande framdrifta med omsyn til gymsal til Florø barneskole og Skram skole. Desse spørsmåla blei stilt på eit felles utvalsmøte mellom plan og samfunn og oppvekst og kultur. Der opplyste kommunedirektør Heggheim at han ikkje hadde ressursar til å få framdrift i saka om Skram skole og Florø barneskule sin gymsal. Grunnen til dårleg framdrift var at ressursane hans blei brukt på fotballhall og rådhus. Er det på den måten Kinn Arbeidarparti med ordføraren og gruppeleiar arbeider for Florø barneskule sin gymsal og Skram skole?

Vi, Ap og Sp, hadde ingenting i samarbeidsavtalen om korleis interpellasjonar skulle handsamast. Det er ordførar sitt eige ansvar at møta vert så lange, og at saker vert handsama på ein forsvarleg måte, ordføraren har ikkje konferert varaordførar om dette.

Med omsyn til saka om kommunale avgifter VAR. Her er det reglar for korleis dette må handsamast. At Ap ikkje ville følgje reglane det er dykkar eige ansvar. Desse avgiftene er fastsette gjennom forskrift, og ei forskrift skal leggast ut på høyring. Slik er lova, og at Ap ikkje ville bry seg om lova var nok grunnen til forseinkinga.

Om Kinn Arbeidarparti var for eller imot gymsal til Florø barneskule veit vi ikkje noko om, fordi saka ikkje har vore til handsaming i Kinn sine politiske utval. Og når den ikkje har vore til handsaming i Kinn kommunestyre ein gong, så er det mildt sagt ei overdriving å påstå at Ap, ordføraren og gruppeleiaren, har vore noko stor pådrivar for framdrift av Florø barneskule sin gymsal. Alle veit at det er kommunedirektør Terje Heggheim og ordførar Ola Teigen som skal sette opp saker til kommunestyret og som sit med ansvaret. Vi i Kinn Sp sit i fleire utval og formannskapet. Vi har ved fleire høve vore å etterlyst framdrift med omsyn til saka om gymsal.

Ser vi to år tilbake så høyrde vi at nokon i Ap snakka om gymsalen. Saka stoppa opp for to år sidan, etter at fleire parti såg det som best å legge den på austsida av prestegarden. Dette var fleire parti einige om då gymsalen ville føre med seg ulemper for fleire bustadhus i området og riving av Malkeneshuset. Kommunelegen gjekk ut med uttale om at uteområdet for elevane ville bli for lite. Så begynte fotballhallprosjektet og dermed skulle fotballhallen prioriterast av Ap, prioriterast før barna ved Florø barneskole. Ap har vore tause som østers dei to siste åra med omsyn til gymsal. Ved fleire høve har Kinn Sp masa om gymsalen både i kommunestyret, formannskapet, oppvekst og kultur og plan og samfunn. Når vi har masa har Ap vore tause, ikkje har dei kommentert noko vidare eller hjelpt til med å få framdrift. Sjå referat frå møta om dykk ikkje hugsar. At Ap sin gruppeleiar, Silje Ødegård Standal no kjem ut i offentlegheita å påstår at dei har jobba for gymsalen er ikkje greitt. Hugs at alt som skjer i møta vi har hatt, vart skriftleg referert. At ho har vore meir eller mindre taus i to år om gymsalen ser vi i Kinn Sp som sørgjeleg. Ein skulle tru at ho, framfor dei fleste andre politikarar ville forstå behovet for gymsal ved Florø barneskule der ho har arbeidsplassen sin.

I revidert budsjett i juni, så var Ap, Sp, MDG og SV einige i formannskapet om revidert budsjett. Etter møtet så hoppa brått Arbeidarpartiet av i kommunestyret og gjekk saman med dei partia som Ap no skal samarbeide med. Det var ikkje Sp som endra standpunkt. Sp signaliserte at vi var forhandlingsvillige på desse 15 millionane i innsparingar, men det måtte vere tydeleg. Her var det lagt opp til å bruke 41 millionar kroner av eit totalt bufferfond på 46 millionar. Dette fondet skal brukast når ein går med underskot på oppvekst og helse, noko som skjer kvart år. Dette vil føre Kinn raskt inn i Robek. Vi ville ikkje vere med på å bruke opp mesteparten av sparepengane.

Sp ville kort og godt ta ansvar slik at Kinn ikkje hamna i Robek. Men den faren er no overhengande. Desse innsparingane kunne gjerast ved å innføre stillingsstopp blant anna. No derimot, har de oppretta eit nytt utval, sett opp eigne og andre sine politiske godtgjersle og mogleg må de opprette fleire nye stillingar. Å skyve problema føre seg, er ikkje å løyse dei.

I årsmeldinga til Vågsøy og Flora står der at Vågsøy hadde eit tal på årsverk ved inngangen på 2019, desse var på 466 årsverk. Ved utgangen så var dette redusert til 433 årsverk, altså ein reduksjon på heile 33 årsverk. I Flora kommune så var talet på årsverk det same ved inngang som ved utgang dvs. 835 årsverk. Var det då så underleg at der var mest å hente i Flora sitt område?

Arbeidarpartiet skuldar Senterpartiet for brotet, men det var Ap som proklamerte det. Ordførar Teigen gav ei forklaring til Sp etter kommunestyremøtet der revidert budsjett var oppe. Han meinte at det at vi ikkje vart einige om revidert budsjett ikkje var det same som brot. Ei lita tid etterpå fekk vi beskjed om at no ville Ap ikkje samarbeide med Sp lenger. Odd Bovim har nok mykje rett i sin analyse. Så lenge du er einig med Ap så er alt greitt, har du eigne meiningar så er du ein bremsekloss.

Det Arbeidarpartiet har gjort i denne saka med handsaminga av Sidsel Kongsvik, har gjeve gjenklang over heile landet, også innan Kinn Ap sitt eige parti. Og den har utan unntak vore negativ for partiet. Vi lurer på om denne halvvegs unnskyldninga som Sidsel fekk i media var ærleg meint, både frå Ap og H. Venstre har vore musestille, nokså uvanleg.

Dersom Ap meiner at det dei har gjort overfor Sidsel ikkje er rett, så bør de legge ballen om hennar godtgjersle død. Ap burde seie dette offentleg ved første anledning. Å halde enkeltpersonar på pinebenken om si eiga framtid slik det ser ut per i dag, høyrer ingen stad heime.

Vi har merka oss at samarbeidet no skal leiast av den einast som Høgre har ekskludert frå partiet etter krigen. Vi i Kinn Sp undrar oss også over at innlegget dykkar hadde overskrifta «På tide å sjå framover», for deretter å berre handle om at gruppeleiar og leiar i Kinn Ap ser seg tilbake. Så er det på tide at dykk no faktisk begynne å sjå framover. Kinn Sp er open for eit møte med Kinn p, om de treng å lette på samvitet med omsyn til samarbeidet.

Så ynskjer vi dykk lukke til med det nye samarbeide med H og V.