«Bygging av kystvegen må starte i 2021. Den vil ha positiv effekt på regionen»

Ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen  Foto: Fjordenes Tidende

Meninger

Denne opmodinga er skriven av ordførar i Kinn kommune, Ola Teigen.

På fylkestinget i Vestland fylkeskommune i desember 2019 blei det lagt til grunn at oppstart av anleggsarbeidet for fv. 614 Svelgen – Indrehus skal skje i 2021. I forslaget til ny økonomiplan som blei lagt fram i førre veke, går fylkesrådmannen inn for fleire års utsetting med igangsetting av arbeidet. Han tilrår at første løyving kjem i 2024, med 5 mill. kr. Dette skjer trass i at politikarane har bede han om å vurdere tidlegare oppstart av arbeidet.

Det er svært viktig at første etappe av kystvegen no kjem under anlegg. Derfor må bygginga av fv. 614 Svelgen – Indrehus komme i gang straks. Næringsaktørar er veldig tydelege på at ny veg må bli bygd. Det er òg kommunale styresmakter som m.a. peiker på kor viktig vegen er for å skape vekst og utvikling i kystområda. Bygginga av vegen vil ha stor positiv effekt i regionen.

Då Sogn og Fjordane fylkeskommune sist behandla regional transportplan, blei det slått fast at fv. 614 Svelgen – Indrehus var det høgast prioriterte fylkesveganlegget. Det må telje sterkt med når den nye fylkeskommunen skal behandle saka.

Kinn kommunestyre vil sterkt oppmode fylkespoliktikarane om å halde fast ved at løyving blir gitt slik at bygginga av fv. 614 Svelgen – Indrehus skal komme i gang i 2021.