«SFE og faktagrunnlag»

  Foto: Frithjof Silden

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Jostein Nygård, gratisarbeidar.

SFE og faktagrunnlag

Jannicke Lindvik, konserndirektør kommunikasjon SFE etterlyser felles faktagrunnlag for vindkraftplanane på Bremangerlandet. Det same gjer underteikna. I den samanheng skal eg bidra litt og oppfordrar samstundes kommunikasjonsdirektøren til å bidra med fakta når det gjeld ein del viktige spørsmål, spesielt for dei som kan bli råka av utbygginga.



Nei, vi nektar ikkje å forholde oss til avtalar med grunneigarar. Sitat grunneigaravtale punkt 6.1.g: «Leigetakar sine plikter og rettar: Telefon og kraftlinjer mellom vindturbinane og vindparken sin transformator skal framførast som kablar i grunnen. Tilknytinga til det overliggande nettet skal førast som kablar i grunn fram til eksisterande linje.»

Nei, vi bygger ikkje kraftlinje på toppen av Hornelen. Eksisterande linje går på nordsida av Oldeidetunnelen og kryssar Skatestraumen i kabel til Rugsundøy. Linja som SFE har planar om å bygge skal gå på sørsida av tunnelen og fleire kilometer inn i Hornelområdet og krysse Skatestraumen i luftspenn frå ca. 500 m.o.h. Hornelområdet er halvøya som Hornelen ligg på. Når det gjeld «kraftlinje på toppen av Hornelen» vil eg be om at du gjev opp kjelde for utsagnet slik at vi ikkje trur det er noko du har funne på.

Nei, vi har ikkje sett i gong svertekampanjer mot lokale motstandarar. Gje opp kjelde for påstanden om svertekampanjer.

Nei, prosjektet på Bremangerlandet vil ikkje forgifte drikkevatnet til bygda. Finn Blandevatnet i Klungresetdalen på kartet. På austsida av Blandevatnet er eit fjellparti som går direkte ned i vatnet. I dette fjellpartiet skal det sprengast ut 135.000 m3 (sprengstein). I nedbørsfeltet til Blandevatnet på vestsida av vatnet skal det og sprengast ut 135.000 m3. Spørsmål 1: Kor mykje støv med nitrogenforbindelsar genererar boring, sprenging og transport av 270.000 m3? Spørsmål 2: Korleis kan ein unngå at støv med nitrogenforbindelsar hamnar i Blandevatnet som er drikkevasskjelde?

Nei, det vil heller ikkje rasere store areal med terrengdekkande myr. For å oppnå eit felles faktagrunnlag vil eg be deg sitere ein offentleg godkjent dokumentasjon på omgrepet «terrengdekkande myr». Så tek vi saka derifrå.

Nei, det vil ikkje øydelegge telekommunikasjonssignal for deler av Vestlandskysten. Bremangersendaren er hovudsendar for vestlandet frå Gulen kommune i sør til Ålesund i nord. Den står på toppen av Steinfjellet i området som SFE har peika ut som anleggsområde. Eg vel å sitere fagkompetansen på området. Norkring (2014): «Sameksistens mellom vindkraftverket og hovedsenderen på Steinfjellet ikke er mulig.» Norsk telekommunikasjon (NTV - 2019): «Eksklusjonssonen rundt hovedsenderne i basisnettet bør utvides til 4 km. Det vises her til at disse senderne dekker store områder, herunder satellittskyggeområder.»

Spørsmål 3: Kva konklusjon dreg du ut frå fagekspertane sine uttaler?

SFE har valt å ikkje nytte fagekspertisen. I staden har dei kjøpt tenester hos eit firma som heiter Teleplan. Om Teleplan uttalar fagekspertisen (NTV - 2019): «NTV har merket seg at noen vindkraftaktører har benyttet Teleplan for å imøtegå Norkrings risikoanalyser. NTV har ingen tillit til Teleplans analyser og konklusjoner hva gjelder vindturbiners påvirkning på DTT signalene. NTV har ikke funnet offentlig tilgjengelige opplysninger om de beregningsmetoder og –modeller som Teleplan benytter, de er så langt NTV kjenner til ikke lagt til grunn av annen offentlig myndighet, beregningene tar ikke hensyn til topografi (og har i flere saker blant annet lagt til grunn at signaler skal gå gjennom høye fjell hvilket ikke er mulig) og er heller ikke bekreftet ved feltmålinger.»

I desember 2019 vart Hennøy vindkraftverk sett i drift 12km frå Bremangersendaren. Innbyggarane i Berle (8km frå sendaren) og fleire innbyggarar i Nordgulen (15km frå sendaren) miste då tv-signala.

Spørsmål 4: Korleis kan du garantere at det vil ikkje øydelegge «telekommunikasjonssignal for deler av Vestlandskysten».

Når det gjeld Stad er det andre som har betre kunnskap som kan bidra om dei ynskjer. Sidan du er ekspert på kommunikasjon så gler eg meg til prosessen fram mot eit felles faktagrunnlag.