«Er det fritt fram for privatskule i Kinn?»

  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ingunn Frøyen, Kinn SV:

Er det fritt fram for privatskule i Kinn?

Ei gruppe privatpersonar har søkt om oppretting av Montessoriskule i Florø sentrum. Det er tale om ein skule med 50 elevar, noko som vil medføre overføring av om lag 7,6 millionar kroner frå dei kommunale skulane til privatskulen.

Utdanningsdirektoratet tek avgjerd i slike saker, mens kommunen har uttalerett. I sine vurderingar legg direktoratet vekt på kommunen sine synspunkt mellom anna når det gjeld konsekvensar for eksisterande skulestruktur og innverknad på kommunebudsjettet.

Tysdag 22. september vart kommunen sin uttale handsama i oppvekst- og kulturutvalet. Framlegget frå administrasjonen var at kommunen skulle gå mot etableringa. Det vart vist til sterk nedgang i barnetalet i kommunen, verknader for skulestrukturen i Florø-området og kommunen sin vanskelege økonomi.

I møtet fremja Arbeidarpartiet eit nytt framlegg til vedtak som i hovudsak går ut på at Kinn kommune stiller seg nøytral til oppretting av Montessoriskule. I vedtaket vert det og mellom anna sagt at «ein friskule vil kunne verte særs utfordrande og ha negative økonomiske følgjer. Kommunen må ha skular som er berekraftige i høve til elevtal, og ein ser difor fram mot å gjere strukturelle endringar.» Dette vedtaket fekk fleirtal med røystene frå Ap, Venstre og Høgre.

Det har frå fleire hald vore etterlyst kva politisk innhald det nye samarbeidet mellom dei tre samarbeidspartia skal ha. Her får ein eit døme på kva dei kan semjast om: ikkje ta stilling til ny fådelt privatskule i Florø sentrum, samtidig som «ein ser fram mot å gjere strukturelle endringar». Det siste kan knapt bety anna enn kroken på døra for småskulane i Florø-området. Grunngjevinga for eventuelt å ofre desse har så langt i hovudsak vore økonomisk, driftsutgiftene må ned og budsjettet styrkast. Å overføre eventuelle innsparingar til ein ny privatskule er sanneleg ein ny strategi, lite eigna til å berge den kommunale økonomien. Det sender og dårlege signal til andre område i kommunen – og ikkje minst utkantane – om kva ein kan vente seg framover, ei einsidig satsing på tettstadane?

Det er oppsiktsvekkjande at det er Arbeidarpartiet som fremjar eit slikt forslag. I sine program både sentralt og lokalt talar dei varmt om fellesskapsskulen, og understrekar at skuledrift er ei offentleg oppgåve. At partiet alt no er villig til å ofre partipolitiske prinsipp på samarbeidets alter lovar ikkje godt.