«Anleggsarbeidet må stoggast no - før meir skade skjer på sårbar natur»

  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Wenche Hovlid Sortvik:

Eit lovleg fatta vedtak?

Anleggsarbeidet på den om lag 4 kilometer lange tilkomstvegen til «Okla-anlegget» på Stadhalvøya, er i gong. Trass i om fleire dispensasjonssaker ikkje er ferdig behandla i Stad kommune. Og – trass i om konsesjonen til Okla vindkraftverk skal vurderast på ny, som fylgje av stortingsvedtak 19 juni. Like fullt jobbar gravemaskinene seg gjennom utryddingstrua kystlynghei og terrengdekkande myrlandskap av internasjonal verdi. Med vantru må ein undre seg over korleis dette vart mogleg? Korleis kunne eigentleg Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Olje- og energidepartementet (OED) godkjenne ein konsesjon til vindkraftindustri på Stadt, i noko av Noreg sin mest spektakulære natur?

Litt av svaret på korleis dette kunne skje, løftar Tore Larsen frå fylkesmannen i Vestland fram i eit føredrag på eit fagseminar for vindkraft (1), hausten 2019. Det fortel ei historie som slår beina under tilliten ein har hatt til at kompetanse, kunnskapsbasering og kvalitet ligg til grunn for avgjersler som får nasjonale og lokale fylgjer for natur og miljø. Ei historie som får oss til å stille oss uforståande til Tina Bru sin påstand om å ikkje sjå grunn til å stogge det iverksette anleggsarbeidet til «Okla» (2). Korleis kan ei slik manglande kvalitetssikring finne stad i det norske byråkrati, utan at styremaktene grip inn?

Lat oss ta eit lite tilbakeblikk. Historia om «Okla» går langt attende i tid. I 2004 vart førehandsmelding om anlegget sendt frå SFE Produksjon. Det anerkjente firmaet J. B. Jordal, utførte i 2005 og 2007 ei grundig miljøundersøkjing av landskapsverdiane i området. Føretaket har lang og solid erfaring. Nemnast kan oppdrag frå Miljødirektoratet for verdivurdering av oseanisk nedbørsmyr, noko som er svært relevant ekspertise i det aktuelle utbyggingsområdet på Stadt. Føretaket har vidare lang erfaring med kartlegging av naturtypar og artar, utvikling av naturindex for Noreg, fleire nasjonale kartleggingsprosjekt gjeldande naturtypar og verneområder og har føretatt fleire raudlistevurderingar for Artsdatabanken. Miljøundersøkjinga si verdivurdering over naturtypane i området, tilsa tydeleg at Okla-prosjektet ikkje måtte realiserast. Fylkesmannen gjekk såleis til innsigelse mot utbyggjinga av Okla vindkraftverk.

I 2013 kjem NVE med krav om utfyllande undersøking om fugl i hekketida, samt kartlegging av naturtypar opp mot planområdet - særskilt dei to raudlista typane kystlynghei og terrengdekkande myr, som var særleg framheva i J. B. Jordal si undersøkjing. Undersøkjinga i 2013 var meint som supplerande, i tillegg til den grundige konsekvensutgreiinga som allereie var gjort i 2005 og 2007. Eit nytt konsulentfirma vert engasjert til oppdraget. Synfaring og utgreiinga viser seg å verte føretatt av ein marinbiolog med marginal erfaring gjeldande naturtypekartleggingar, og ein ikkje ferdig uteksaminert botanikkstudent!

Det som no skjer er av stor interesse, nærast uforståeleg – og kjem diverre til å verte utslagsgjevande for «Okla- prosjektet» si vidare utvikling. For – der J.B. Jordal (2005/2007) konkluderer med at terrengdekkande myr og kystlynghei er område av stor verdi i utbyggingsområdet, kjem det nye konsulentfirmaet (2013) fram til ei heilt anna verdivurdering; kystlynghei vert vurdert til middels til liten verdi og terrengdekkande myr ansjåast som sterkt påverka av torvuttak. Medan J.B. Jordal meinte at kystlyngheia i utbyggingsområdet var blant dei største, og mest velutvikla kystlyngheiareala i landet; stort, trelaust og framleis noko beita, meinte konsulentfirmaet at kystlyngheiområdet ikkje kunne verdsetjast særleg høgt, då det ikkje såg ut til å vere i hevd. Medan J.B. Jordal (2005/2007) meinte at området i utbyggingsområdet er eit sjeldan stort, samanhengande og verdfullt myr- og heillandskap utan vesentlege tekniske inngrep, heldt konsulentfirmaet (2013) fram at myrområdet ikkje er intakt og ikkje eingong har lokal verdi. Med stort sannsyn har marinbiologen og studenten her forveksla nedbørskanalar og sig i den terrengdekkande myra som torvuttak, i fylgje Tore Larsen. Sig er svært vanleg i myr i hellande terreng, slik som i aktuelle utbyggingsområde.

Vidare meiner J.B. Jordal (2005/2007) at hundretusener av fugl; mange artar og store delar av totalbestandar vil trekkje over Stadlandet – noko som gjer at trekket forbi Stadt har stor nasjonal og internasjonal verdi. Konsulentfirmaet (2013) meiner derimot at fugl kun i liten grad trekkjer over land. Undersøkjinga frå det innleigde konsulentfirmaet i 2013 gjekk over 1 dag! Midt på lyse dagen – og marinbiologen og botanikkstudenten såg knapt nok ein fugl! Kanskje heller ikkje så rart, sidan fugletrekk i stor grad skjer på nattestid.

Den nye rapporten frå konsulentfirmaet i 2013, vert av fylkesmannen omtalt som meir villeiande enn avklarande i eit notat til NVE. Tidlegare konsekvensutgreiing frå 2005/2007 vert totalt sett bort i frå; istaden baserast verdivurderinga på 1 dag synfaring – og kompetansen til ein marinbiolog og ein student – eit erfaringsgrunnlag som jo ikkje var breitt nok til å gjennomføre ei slik verdivurdering. Likevel vel NVE å innvilge Okla-konsesjonen 17.12.2013. NVE sluttar seg altså til vurderinga frå 2013 – og ser heilt bort frå Jordal si grundige utgreiing i 2005/2007. Fylkesmannen klagar dette inn til OED. Men OED støttar NVE si vurdering, sidan den var av nyare dato!

Ein feilaktig og villeiande miljørapport har med andre ord vore avgjerande for at Okla-konsesjonen vart gitt. Den dårlege kvaliteten på undersøkjinga har sålangt ikkje blitt tatt omsyn til av NVE, trass i ei rekkje klager og motsegner, og den har fulgt saka vidare i alle trinn – også i utforminga av MTA plan. Og resultatet ser vi tydeleg ved anleggsstart i Borgundvågen, der grunnforholda ikkje har blitt tatt tilstrekkeleg omsyn til under planlegging.

Er det naturverdiane, eller manglande kunnskap hjå konsulentane som avgjer om det vert gitt konsesjon til vindkraft? Kvifor vert ei grundig utgreiing frå kompetente fagfolk forkasta i Okla-saka, til fordel for ei meir overflatisk undersøkjing som byggjer på marginal erfaringskunnskap? Og kvifor vert ikkje klager, motsegner og innspel frå kompetente fagmiljø lytta til?

På bakgrunn av eit innbyggjarforslag, gjekk eit samrøystes kommunestyre i Selje hausten 2019 inn for ny gjennomgang av konsesjon. Både nytt og gamalt kunnskapsgrunnlag som viste at konsesjonen var gitt på feil og mangelfullt grunnlag var vedlagt. Som del av dette inngjekk også eit fyldig innspel frå Norsk Ornitologisk Forening, (NOF), som meiner at konsesjonen bør trekkjast attende. NOF vektla at rapporten frå konsekvensutgreiinga i 2013 ikkje var i tråd med NVE sine eigne retningsliner, og at dette i beste fall måtte føre til krav om tilleggsutgreiingar og ny konsekvensutgreiing gjeldande det biologisk mangfald og fugl. Rapporten held fram at vindkraftverket vil råke eit naturområde av betydeleg større verdi enn det som kjem fram i rapporten frå 2013, spesielt vurdert ut frå området sin eigenart som del av Stadt-landskapet og ut frå tyding og funksjon for ei rekkje fugleartar, mellom dei mange raudlisteartar. Kommunestyrets oppmoding om ny gjennomgang på bakgrunn av innbyggjarforslaget vart ikkje realitetsbehandla eller tatt omsyn til av NVE, som heller valte å lene seg til kunnskapsgrunnlaget frå 2013. Konsesjonsvedtaket til «Okla» stod ved lag!

Dette er altså historia om korleis ein konsesjon til vindkraftindustri kunne verte ein realitet i noko av Noreg sitt mest ikoniske landskap. Det er vanskeleg å forstå at det kan skje. I eit land der vi trudde kunnskapsbasering og kvalitet låg til grunn for avgjerder av nasjonal og lokal tyding. Vi taler om eit landskap som ligg i høgste konfliktområde (kategori E) for nasjonale mål knytt til landskapsverdiar, naturtypar og kulturminne. Konsesjonen kviler på feil og mangelfullt kunnskapsgrunnlag. Skal den likevel få gå igjennom, fordi høgare styringsorgan vel å ikkje gå attende på avgjerder som er tatt? Dersom stortingsvedtaket 19 juni skal ha praktisk tyding, må handsaminga av konsekvensutgreiingane i Okla-saka setjast på agendaen ved ny gjennomgang av konsesjonen. Og – anleggsarbeidet må stoggast no – før meir skade skjer på sårbar natur!