«Jo, kommunen er lokal planstyresmakt!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Erling Yndesdal, kommunaldirektør hos Fylkesmannen i Vestland.  Foto: Lars Verket

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Nils Erling Yndesdal, kommunaldirektør hos Fylkesmannen i Vestland.

Jo, kommunen er lokal planstyresmakt!

I eit lesarinnlegg i Fjordenes Tidende 19. september konkluderer planavdelinga i Kinn kommune med at kommunen så ofte blir overprøvde av Fylkesmannen at kommunen ikkje er (reell) planstyresmakt. Planavdelinga har også tankar om korleis sentrale styresmakter kan endre regimet for arealplanlegging i framtida.



Vi ønskjer sjølvsagt å lytte til ein kommune som så tydeleg og sterkt målber ein frustrasjon over korleis Fylkesmannen handterer tiltaksforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen.

Fylkesmannen har difor invitert Kinn kommune til eit dialogmøte der vi kan få utdjupa nærare det kommunen tar opp i lesarinnlegget.

Vi finn det likevel rett alt no å orientere lesarane om tilhøvet mellom kommunen si rolle som lokal planstyresmakt og Fylkesmannen si rolle.

Det er ingen tvil om at det etter lova er kommunen v/kommunestyret som er lokal planstyresmakt. Vidare er det fylkeskommunen v/fylkestinget som er regional planstyresmakt og Kongen v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet som er nasjonal planstyresmakt.

Fylkesmannen har inga rolle som planstyresmakt. Vi har to hovudoppgåver i planlegginga etter plan- og bygningslova:

1) Sjå til at kommunane oppfyller plikta til planlegging etter lova.

2) Rett og plikt til å kome med innspel til planar om saksfelt Fylkesmannen skal vareta, og myndigheit til å fremje motsegn dersom planane, etter Fylkesmannen si vurdering, er i konflikt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser.

Det er ikkje slik at Fylkesmannen (eller andre regionale instansar med motsegnsrett) formelt «overprøver» kommunane sine politiske planvedtak. Derimot vil ei motsegn frå Fylkesmannen føre til at kommunestyret sin rett til å vedta ein reguleringsplan eller arealdel til kommuneplan blir løfta til kommunal- og moderniseringsministeren.

Målet er sjølvsagt at flest moglege plansaker skal avgjerast av kommunestyret. Og dette skjer for dei aller fleste planane. På landsbasis er det årleg mellom 20 og 30 planar som må avgjerast av departementet. Når vi veit at kommunane samla gjer vedtak i langt over tusen saker årleg, fortel dette oss at systemet med mest mogleg lokalpolitiske avgjerder fungerer.

For å unngå at det blir fremja unødvendige motsegner, og for å unngå at mange saker må avgjerast av departementet, er det obligatorisk med tett dialog og eventuelt mekling dersom denne dialogen ikkje vinn fram. I slike dialogmøte og i meklingane har Fylkesmannen fått tildelt ei viktig rolle.

Erfaringa vår er at dialogen i plansaker med Kinn kommune, og tidlegare med kommunane Flora og Vågsøy, har fungert i tråd med intensjonen i lov og retningsliner. Vi opplever at vi samhandlar godt med ein kommune som har god kompetanse og ressursar på planområdet. Og nettopp difor har det i alt overvegande grad vore kommunestyret sjølv som har gjort endeleg vedtak av kommuneplanar og reguleringsplanar.

Vi må faktisk heilt attende til 2005 for å finne ei plansak i 100-metersbeltet langs sjø som tidlegare Flora kommune løfta inn til avgjerd i departementet. I tidlegare Vågsøy kommune finn vi ingen slike saker. Og i Kinn kommune, som vart etablert for ni månader sidan, har vi heller ikkje registrert signal om at kommunen er så usamd med Fylkesmannen at dei ønskjer avklaring frå statsråd Nikolai Astrup.

Planarbeidet må ikkje forvekslast med dispensasjonssakene, der kommunane etter lova frå 2008 må halde seg til strenge lovvilkår for å kunne dispensere frå eigne planar. Fylkesmannen i Vestland klagar i gjennomsnitt på seks prosent av dispensasjonsavgjerdene i kommunane. Regjeringa har føreslått å endre reglane om dispensasjon, og vi finn det difor ikkje rett å gå nærare inn på denne problemstillinga i dette innlegget.

Fylkesmannen vonar at vi skal få til ein vidare god dialog om planarbeidet i Kinn kommune – både administrativt og politisk. Samstundes skal vi ha gjensidig respekt for rollene våre. Om vi i eit fåtal saker likevel ikkje skulle lukkast med å oppnå semje, er det altså ikkje Fylkesmannen som tek avgjerd, men statsråden.