«Vi har heile vegen sagt at nytt rådhus er eit «kjekt å ha»-prosjekt»

  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt:

Veldig gledeleg

Raudt er tilfreds med at kommunedirektøren no tek til fornuft og legg vekk alle planar om nytt rådhus i Florø. Vi har heile vegen sagt at dette er eit «kjekt å ha»-prosjekt som det ikkje finst økonomi til å gjennomføre. Seint, men godt kan vel passe som konklusjon. Vel og merke dersom dette også blir vedteke politisk. Saka skal opp i formannskapet den 1. oktober i første omgang. Då får vi sjå om dei største forkjemparane for nytt rådhus også ser fornufta i å legge vekk dette gigantprosjektet eller om dei framleis skal vere «framoverlente».

I kommunedirektøren si utgreiing peikar han på at kommunen må konsentrere seg om lovpålagde tenester framover. Etter vårt syn betyr det at også andre prosjekt må settast på vent.