Arild stod på nordsida av ein stengd tunnel og såg hurtigbåten segle forbi. No vil han gje ros til mannskapet som venta på han

– Eg vil rette ein stor takk til mannskapet på Njord som venta på meg, seier Arild.  Foto: Erling Wåge

Ein takknemleg mann frå Raudeberg har tatt kontakt med Fjordenes Tidende for å gje velfortent ros til mannskapet på hurtigbåten Njord som fraktar passasjerar frå Måløy til Bergen. Dette bilete er av hurtigbåten Frøya.   Foto: Erling Wåge

Meninger

Ein takknemleg mann frå Raudeberg har tatt kontakt med Fjordenes Tidende for å gje velfortent ros til mannskapet på hurtigbåten Njord som fraktar passasjerar frå Måløy til Bergen.

– Eg skulle reise på ein heilt naudsynt tur til Bergen torsdag morgon, men då vi kom til Skåratunnelen denne morgonen, så var tunnelen stengd. Tunnelen var framleis stengd då hurtigbåten segla forbi oss på sin tur sørover. Eg hadde ikkje dei store forhåpningane, men eg ringde til båten og trefte ein svært hyggeleg kaptein. Han kunne ikkje ligge og vente så lenge i Måløy, men han lovde å ringe meg når han hadde lege så lenge han kunne. Ei stund seinare opna tunnelen og køen begynte å sige, men akkurat då ringde også kapteinen og sa at no måtte dei gå. Eg forklarte situasjonen og spurde om han kunne vente i fire minutt til, og det gjorde han! Det er heilt utruleg. Eg vil rette ein stor takk til mannskapet på Njord, som venta på meg.