«Å skjere ned på desse linene er lite gjennomtenkt, og at fylkesrådmannen i heile teke føreslår dette er berre underleg»

  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Sidsel Kongsvik og Nils Myklebust i Kinn Senterparti:

Lat TAF/YSK bestå

I går kom den sjokkerande meldinga frå fylkesrådmannen om at han vil kutte i TAF/YSK linjene ved tre vidaregåande skular i Vestland, blant dei Måløy vidaregåande skule.

TAF/YSK er ei utdanning som både gjev studiekompetanse og fagbrev i dei fire åra ei slik utdanning varer. Dette har vist seg å vere den mest suksessfulle utdanninga som er innanfor dei vidaregåande skulane. Linjene er fylkesdekkande, har høge søkjartal og elevar med denne utdanninga i botnen er svært attraktiv arbeidskraft for lokale bedrifter.

Dette er den utdanninga som har desidert lågast fråfall både på landsbasis og i Vestland.

Desse elevane går rett inn på høgare utdanning etter dei fire åra. Krava for å komme inne på TAF/YSK er høge. Det har også ført til at mange elevar ynskjer å gå på dette, noko som igjen har ført til at nivået i den vidaregåande skulen er vorten heva, nettopp fordi at denne utdanninga er så populær nettopp bland elevane.

Denne utdanninga gjer at eleven må ha lærlingkontrakt for å komme inn på studie, dette kjem både næringslivet og det offentlege til gode. Dei to første åra er elevane tre dagar på skule og to dagar ute på lærebedrift per veke. Dei to siste åra vert dette snudd om. Då er dei to dagar skule tre dagar ute i lærebedrift.

Dette fører også med seg ei svært god ordning der skulen sin kunnskapar kjem ut i bedriftene og bedriftene sine erfaringar kjem inn i skuleverket. Dette kan ikkje vurderast høgt nok.

TAF/YSK er framtida si utdanning av framtidige leiarar innanfor mange område. Å skjære ned på desse linene er lite gjennomtenkt og at Fylkesrådmannen i heile teke føreslår dette er berre underleg.

Det kan umogleg vere eit problem at der er gode søkjartal på ei linje, og å bruke argumentet med at dette kostar for mykje vert derfor merkeleg.

Dersom ein skjere ned på tal elevar på disse linjene så stig kostnadane. Dersom ein fordeler dette på f.eks. 6 elevar (halv klasse) i staden for 12 elevar så kan reknestykket vere slik, men aukar ein her talet til for eks 18 så fell kostnadane per elev deretter.

Å bruke det at det vert mange lærlingkontraktar med tilskot frå fylkeskommunen som eit argument gjev ikkje meining. Går desse elevane på ei anna linje vil dei likevel ha krav på lærlingplass etter to års skulegang, så kostnaden ved lærlingkontraktar vil framleis vere der.

Måløy vidaregåande som vi kjenner best har utvikla denne utdanninga saman med både kommunen og næringslivet på ein eksemplarisk måte, la dei fortsette med det.

Eit av dei viktige argumenta for at Senterpartiet var imot denne samanslåinga til Vestland. var nettopp frykta for at det ville gå utover dei vidaregåande skulane. Dette er no i ferd med å skje.

Fylkesordførar Jon Askeland frå Sp er så klar at dette ikkje skal skje. Senterpartiet var ein del av fleirtalet som stemte for å frede desse linjene i hovudutval for opplæring og kompetanse på fylket. «Vi vil prioritere tilbod som er viktige for næringslivet», seier medlem i utvalet Sigurd Reksnes (Sp), i ei sak på fjt.no. Enkelte andre parti har ikkje vore like tydelege. Og som kjent er det fleirtalet i fylkestinget som bestemmer. Kinn Sp vil derfor oppfordre alle som kan om å bidra til at disse kutta ikkje skal bli vedtatt.