«Badeland er kjekt å ha det, men eg undrast på kven som skal bruke det»

  Foto: Ulsteinbadet

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Hans Gunnar Våge:

Stort badeland

Eg ser i media at Kinn skal halde fram planleggingsarbeidet for å få bygd eit «stort» badeland i Måløy. Ikkje eit lite altså, men eit retteleg stort eit. Kostnadsrekna til vel 180 millionar kroner.

Badeland er kjekt å ha det, men eg undrast på kven som skal bruke det. Kven som skal betale inntekter som dekkjer renter, avdrag og driftskostnadar.

I 1967 var vi 520+, elevar på Vågsøy ungdomsskule. Per dato er elevtalet om lag 270. Den gongen var innbyggjartalet vel 7.000 i Vågsøy kommune, no om lag 5.000.

Det verkar heller ikkje som om «gamle» Vågsøy kommune har tru på at det skal verte vekst i folketalet, sidan dei valde å rive eit skulebygg med plass til over 500, og byggje «stort og nytt» til eit elevtal om lag halvparten så høgt. Like fullt ønskjer ein å byggje eit «stort» badeland.

Eg har vondt for å tru at alle 5.000 i Kinn, «nordre luten», kjem til å gjere seg nytte av badelandet. Så kvar skal dei badande kome frå? Gamle Selje som skulle vere takksame for at nokon ville «ta seg av dei»? Svaret er, trur eg; neppe. Dei er no ein del av Stad kommune, og det finst eit rimeleg bra symjebasseng på Eid innan eigne kommunegrenser.

Er det folk frå Bryggja som skal strøyme til, tru? Dei som hadde ei avtale med Ap, om at skulen ikkje skulle leggjast ned, mot at dei ikkje søkte grensejustering, og der avtala, i kjent Ap-stil, var gyldig berre til den vart broten. Mogeleg eg tek feil, men eg trur ikkje at mange bryggjaværingar kjem til å nytte eit badeland i Måløy. Det er dessutan om lag like langt eller kort til kommunesenteret på Eid, som det er til Måløy.

Kanskje ein skal satse på eidarar, som sjølve har eit rimeleg stort symjebasseng, og som har tilgang til eit badeland på Sandane?

Då står Bremanger att.

Det kjem neppe så mange frå fastlandet i Bremanger kommune, så då må det vere innbyggjarane i Dalsbotnen, Oldeide og Hunskår, som skal gjere den store skilnaden.

No lir eg av ei «altomfattande» uvisse, og det kan godt vere at det har vore gjort grundige analysar av kor mange som kjem til å nytte eit badeland i Måløy, og om folk har vilje til å betale billettar som dekker kapital og driftskostnadane. Det er ting som tyder på at det ikkje har skjedd.

For all del, eit badeland er kjekt å ha, men før ein byggjer, finn ut kor mange som kan tenkje seg å nytte seg av tilboda, og kva dei vil betale for dei.

Kanskje ein kan greie seg med eit (litt) større basseng, lagt til Skram skole, eller ein annan skule i Kinn, utan at ein treng å subsidiere drifta av eit badeland, med midlane ein tente på å leggje ned skulen i Holvik, og kvitte seg med heile Bryggja?

Kva var det for opplysningar Ap hadde, som gjorde at dei gjekk for å legge ned skulen på Byggja, og som var så løyndomsfulle at ikkje ein gong rådmann Leite kjende til det, men ein hadde, vil eg tru, delt opplysningane med Høgre, sidan dei og stemde for nedlegginga.

Eg berre undrast.