««Alle» har trudd at planen var å bygge eit spektakulært hotell på den såkalla sentrumstomta»

I 2016 blei planane om eit spektakulært hotell, nye leilegheiter, kontor, park, badeanlegg, småbåthamn og kulturhus på sentrumsfyllinga presentert.  Foto: Illustrasjon: Per Kåre Våge/Nordwest 3D

Meninger

Dette innlegget er skrive av Geir Oldeide (R)

«De har halde folk for narr, Sverre Søraa!»

Det var nok mange som fekk bakoversveis då dei las intervjuet med Sverre Søraa på Måløy24. Her har «alle» gått rundt og trudd at Søraa og Carlson med fleire hadde planar om å bygge eit spektakulært hotell på den såkalla sentrumstomta i Måløy. Dei fekk fleire hundre tusen i støtte frå Nordfjord Vekst for å utarbeide forprosjekt til dette hotellet m.m. Dei møtte i Vågsøy formannskap for å orientere om planane. Dei la fram dei storslåtte planane på eit stort møte i Turnhallen i Måløy, dei presenterte prosjektet på eit møte i Kalvåg om Stad skipstunnel. Og ikkje minst, dei har lagt ut i media om dette prosjektet som dei ville ha både næringslivet, innbyggarane og kommunen med på. Eit prosjekt til mellom 400 og 600 millionar kroner.

Men no seier Søraa at dei aldri hadde tenkt å bygge hotell i dette området! Om det skal bli noko hotell der så må det bli ein eller anna hotellkjede som finn ut at dei vil satse på noko slikt! Alle eg har diskutert dette med igjennom fleire år har forstått det slik som eg har forstått det. Nemleg at de som eigarar av området hadde tenkt å satse på dette sjølve. De fekk vel også, så vidt eg hugsar, bidrag frå mange i lokalt næringsliv til forprosjektet. Men så var dette altså berre eit luftslott? Du fortel altså no at de heile tida har sett det slik at dersom ingen av hotellkjedene tenner på ideen så blir det aldri bygd hotell? Eg slit med å finne ”diplomatiske” ord …

Vidare hevdar Søraa at bygginga av eit badeland (Nordfjordbadet) ikkje hadde noko direkte samanheng med eit slikt hotellprosjekt. –Vi har aldri tenkt at hotell og badeland skal vere avhengig av hverandre … Nordfjordbadet er et glimrende prosjekt som står på egne ben.

Ventar du at folk skal tru på slikt, Søraa? Det var jo de som fekk utarbeida det prospektet som vart sendt inn til fylke og departement som grunnlag for søknaden om tippemidlar. Der går det jo fram at badeanlegget fysisk er bygd i hop med hotellet. Parkeringa for badeanlegget skulle løysast i det parkeringshuset som skulle byggast attåt hotellet. Og sist, men ikkje minst: Drifta av badet skulle få god hjelp frå hotellet sine framtidige gjestar. 2 mill. i årleg inntekt var lagt inn i driftskalkyla som forventa inntekt frå hotell/næringsliv. Det er jo sjølvsagt ein moglegheit for at Søraa ikkje veit kva hans eige firma har vore med og utarbeidd som dokumentgrunnlag for den kommunale behandlinga og søknader om både tippemidlar og interkommunal finansiering. Og det er for så vidt hakket meir tiltalande enn alternativet. Men ille er det uansett.