«Mindre kake, meir tunnel!»

Dette leserinnlegget er skrive av Siri Sandvik, varaordfører i Stad for Arbeiderpartiet og Jan Vidar Smenes, gruppeleder for Stad Arbeiderparti.  Foto: Privat

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Siri Sandvik, varaordførar i Stad for Arbeidarpartiet og Jan Vidar Smenes, gruppeleiar for Stad Arbeiderparti.

Titt og ofte har representantar for regjeringa reist land og strand rundt med sine fine lovnader og delt ut glansbilete. I Selje har vi ikkje mindre enn to gonger dei siste fire åra ete kake i jubelen over at det endeleg er kysten sin tur, «NO kjem Stad Skipstunnel».

Medan denne regjeringa sin pengebruk berre aukar og aukar, er det eit hån mot næringslivet og folket på kysten at det heller ikkje denne gongen er funne pengar til Stad Skipstunnel for å halde løftet som er gjeve i Nasjonal transportplan om byggjestart i 2021. Stad skipstunnel er fullfinansiert i gjeldande NTP, og kystverket treng 60 millionar på neste års budsjettet for å starte arbeidet.

I Trøndelag har dei allereie etablert kaianlegg med rute for fersk laks til Europa, fleire kaier er på veg. Desse rutene treng, saman med resten av fraktenæringa, god regularitet forbi det farlege Stadhavet. Det vil spare vegane gjennom vårt langstrakte land for 10-tusenvis av trailerar. Båtane vil kunne gå innanskjærs forbi Stadt’en i nærast all slags vêr.

På kysten er det hurtigbåtane som er vår «jernbane»! I Vestland vert det no satsa stort på utsleppsfrie hurtigbåtar. Stad Skipstunnel vil gjere det mogleg å gå med hurtigbåt frå Bergen og heilt til Ålesund. Det vil knyte saman nye delar av kysten til funksjonelle bu- og arbeidsområde. Hurtigbåten vil om få år gå frå å vere ein klimaversting som står for betydelege co₂ utslepp, til å bli ein grøn og rimelegare måte å reise på.

Når dagens regjering nok ein gong ikkje bryr seg om kva ein samla kyst krev, må opposisjonen med AP, SP og FrP vise kven som tenkjer på folket på kysten og sørge for få dette inn på statsbudsjettet for neste år!

Det er nok prat no! Mindre kake, meir tunnel!!