«Om Stad kommune har mottatt konfidensiell dokumentasjon som er unntatt offentlegheita så må dette bli stadfesta»

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Bent-Inge Borgund, Stad SV:

«Er det slik at anleggsarbeidet med tilkomstvegen til Okla vindkraftverk har fått starte før alle vilkår er oppfylt?»

I areal- og eigedomsutvalet fekk Falck Renewables Vind AS innvilga dispensasjon til å bygge tilkomstvegen til vindkraftverket på Okla. Dette vedtaket vart stadfesta i kommunestyret 7. mai 2020 med fleire tilleggsvilkår for dispensasjon. I vedtaket krev Stad kommunestyre at utbyggjar dokumenterer bankgaranti for opprydding og tilbakeføring etter at konsesjon går ut, eller i tilfelle konkurs.

Vedtak som vert gjort i kommunestyret må følgast opp. Det vart stilt krav til at dokumentasjon må leggast fram før tiltaket blir sett i gang, og eg meiner vi må få klarleik i om dette ligg føre. I brev til ordførar datert 8. september, viser Scott Gilbert i Falck Renewables Vind AS, til at bankgarantien er på plass, men at dette er konfidensiell informasjon som dei ikkje hadde høve til å dokumentere på dåverande tidspunkt. Vidare skriv han at dei jobbar med ei løysing for å frigjere denne informasjonen.

Eg kan ikkje sjå at dette er motteke av kommunen, og eg har etterspurt dette. Det er stilt krav til at dokumentasjonen vert lagt fram, og etter mitt syn så er ikkje denne utsegna frå Scott Gilbert tilstrekkeleg for å oppfylle vedtaket gjort i kommunestyret.

Om Stad kommune har mottatt konfidensiell dokumentasjon som er unntatt offentlegheita så må dette bli stadfesta. Dersom rett dokumentasjon ikkje ligg føre, meiner eg at anleggsarbeidet aldri skulle ha fått starta opp, og at Stad kommune må krevje det stoppa umiddelbart.