«No er det på tide å legge breisida til for å presse dei sentrale politikarane i alle parti til å ta til vet»

  Foto: Marianne S. Rotihaug

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Anfinn Sjåstad, gruppeleiar Stad Frp:

Stad skipstunnel

Vi har alle venta og forventa at det endeleg skulle komme oppstartsmidlar til Stad skipstunnel når statsbudsjettet blei lagt fram i dag 7. oktober, dette skjedde ikkje, er eg overraska? ikkje i det heile.

Eg registrerer at mange kjente politiske fjes, frå dei fleste politiske partia frå kommunane i Nordfjord har dei siste dagane skriv innlegg so blekket spruta om kven som har gjort kva for å få realisert Stad skipstunnel, og kven som har svikta. Eg har tenkt ein del på dette når eg har lest lesarinnlegg i lokalpressa, og har undra meg på om eg skulle skrive et saftig innlegg om fråverande lokale politikarar som har vist svært liten interesse i prosjektet Stad skipstunnel, utan om når det er kommuneval eller når det er ministrar på besøk.

Men eg har konkludert at eg vil heller prøve meg på å oppfordre dei lokale politikarane frå alle parti til å øve press på våre sentrale ombodskvinner/-menn frå alle partia på Stortinget, slik at vi kan få oppstartsmidla til vår «månelanding», Stad skipstunnel.

Vi kan ikkje finne oss i bli «hersa» med på denne måten, no er det på tide å legge breisida til for å presse dei sentrale politikarane i alle parti til å ta til vet.

Skal vi som lokale politikarar ha nokon som helst truverd er det no det må skje, vi har venta lenge nok, Stad skipstunnel har vore greidd ut nok, no er det tid for handling. Det er ikkje over før det er over og eg har ikkje tenkt å gje meg. Sjølv om Frp sine sentrale politikarar har vore tydeleg på at vi skal jobbe for oppstartsmidlar i statsbudsjettet for 2021. Eg har allereie starta med å mase på våre politikarar i Frp sentralt, for å minne dei på kor viktig prosjektet Stad skipstunnel er for folk langs heile kysten, spesielt for oss på Vestlandet. So eg oppfordrar alle lokalpolitikarane i Nordfjord til å gjere det same slik at vi får lande prosjektet Stad skipstunnel.