«Det er ikkje slik at vatn er gratis. Ikkje ein gong i Norge»

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson og Marie Kronen Tveranger, Raudt Kinn:

Ap og vassmålarar

Det forundrar oss at Arbeidarpartiet kritiserer forslaget om vassmålarar i private husstandar, når dei samrøystes gjekk inn for krav om dette i alle nye husstandar i fjor haust. Har ikkje Ap oversikt over eigne vedtak? Eller blei trongen til å kritisere Raudt sitt forslag rett og slett for stor denne gangen.


Mener vannmålere i private hjem er en dårlig idé: – Kommunen har ikke knapphet på vann. Dette blir bare dyrt og usosialt

Doris Christensen og Kim Gunnar Jensen i Kinn Ap reagerer på signalene fra formannskapet om at det bør installeres vannmålere i private husholdninger for å stimulere til redusert vannforbruk.


Dersom Arbeidarpartiet faktisk var imot vassmålarane kunne vi forventa at dei foreslo å fjerne kravet i formannskapet. Det gjorde dei ikkje.

Elles seier Ap at vi må auke vassgebyra for å dekke kostnadane. Men vi skal halde nede prisen til private husstandar, fordi det ikkje er der det gjer utslag. Og vi må vere konkurransedyktige på pris til næringslivet. Kven som då skal betale for gildet står att å sjå.

Raudt hadde eit konkret forslag når desse gebyra skulle revurderast, der installering av vassmålar (og redusert forbruk) faktisk skulle vere gunstig for brukar. Hovudendringa låg i endra vekting mellom fastpris og forbruk.

I dag er det nemleg bustadarealet som bestemmer kor mykje folk må betale i vassavgift. Synest Arbeidarpartiet dette er eit meir sosialt alternativ? Ville ikkje tal busette i husstanden i så fall vere betre? Om ein no nektar å bruke faktisk forbruk som mål, vel og merke. At einslege med minimalt forbruk i einebustad skal betale meir for vatn enn ein stor familie i leilegheit kan ikkje kallast sosial politikk.

Jensen og Christensen peikar på at vi ikkje har vassmangel i Norge. Heldigvis ikkje. I alle fall ikkje i dag. Men det er ikkje slik at vi hentar vatnet vårt sjølve. Det skal reinsast, både på veg inn og ut. Det har ein kostnad per liter vatn, samt investerings- og vedlikehaldskostnadar. Det er ikkje slik at vatn er gratis. Ikkje ein gong i Norge.