«Kor blei det av det store kakestykket?»

  Foto: Svanhild Breidalen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Daniel Henriksson, Raudt Kinn:

Kor blei det av det store kakestykket?

Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett er ute og i det forslaget kan vi sjå kva kommunane i Vestland skal få av overføringar frå staten neste år. Det er interessant lesnad. Korleis kjem Kinn kommune ut samanlikna med dei andre? Vi har jo alle friskt i minne dei fine lovnadane om at «med ei sterk samanslått kommune vil vi få musklar til å krevje ein større del av kaka». Var ikkje det omtrent slik det blei sagt?

Forslaget er no at Kinn kommune skal få ei auke til neste år på 2,0 prosent. Snittet for alle kommunane i Vestland er 3,0 prosent. Godt under snittet altså. Små kommunar som Askvoll, Aurland og Årdal får høvesvis 3,3 prosent, 4,5 prosent og 4,5 prosent auke.

Kor blir det av fordelane med samanslåinga?