«Ti gode grunnar for nytt administrasjonsbygg»

Dette lesarinnlegget er skrive av Ap-gruppa i Kinn kommune. På bildet ser vi gruppeleiar i Kinn Ap, Silje Ødegård Standal og ordførar Ola Teigen (Ap)  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Ap-gruppa i Kinn kommune.

Ti gode grunnar for nytt administrasjonsbygg

1. Manglande tilkomt/universell utforming. Partiet Raudt omtalar universell utforming som «kjekt å ha». For Ap sin del er det viktig at offentlege bygg er tilgjengelege for både innbyggarane og tilsette. Rådhuset i Florø er frå 1903 og har verken heis eller ventilasjon. Vi meiner det og bør vere eit krav at toalett er utan rottegift og vindu må kunne opnast, særleg når det manglar ventilasjon.

2. Dei fleste er samde i at det er dyrare å leige enn å eige. Agenda Kaupang viser til at vi har høge husleiger på kontorlokala. Vi har òg fleire lokale som er dårlege og uegna for tilsette i kommunen. Ved å flytte ut av Hans Blomgate, Rådhuset, Magnus Thingnesgate, Florø kulturhus, Omsorgssenteret og Strandgata 43, bør det vere mogleg å spare leigeutgifter og effektivisere arministrasjonen.

3. Vi vil aldri ha råd til nytt administrasjonsbygg, men skulle vi gjere det på eit tidspunkt må det vel vere når renta er ned mot 1,5 prosent. Med dagens rente vil prosjektet ytterlegare bli styrka med tanke på at vi ikkje vil bruke meir pengar på administrasjonsbygg enn i dag.

4. Mange spør seg om kor effektivt det kan vere med delt kommunesenter Måløy/Florø. Få utfordrar effektiviteten med å vere lokalisert på seks ulike stader i Florø. Vi er sikre på at evnen til å arbeide effektivt og på tvers i administrasjonen blir langt enklare om ein er samla på ein stad.

5. Eit administrasjonsbygg midt i Strandgata er med på å fornye Florø. Den vil og bidra til at fleire mennesker vil trekke vestover og dermed lage meir liv i denne delen av byen. For Ap er det ikkje noko mål å verne bankhola, tvert om ynskjer vi byutvikling også der.

6. Å frigjere Florø kulturhus for kontor vil bety at Kulturskulen endeleg kan få oppfylt draumen om å vere i kulturhuset. Å flytte Kulturskulen ut av Florø omsorgssenter vil gje omsorgssenteret meir plass.

7. Når kommunen flytter ut av eldre og mindre funksjonelle kontor vil også denne bygningsmassen kunne fornyast. Byfornying vil altså skje fleire plassar enn i bankhola.

8. Eit nybygg i bankhola med parkering i kjellaren vil gje fleire parkeringsplassar til handlande i sentrumsgatene. Vi vil også kunne ta vekk gateparkering og gjere nokre gater om til gågate. Dette vil gjere byen trivligare og kjekkare for mjuke trafikkantar.

9. Nye bygg er meir effektive og er billigare å drifte enn gamle bygg. Men dei vil og gjere det meir attraktivt å jobbe i kommunen. Triveleg arbeidsplass smittar over på dei tilsette.

10. Eit kommunalt byggeprosjekt som dette vil skape mykje aktivitet for lokale bedrifter. Deler av kostnadane ved bygginga vil vi få att ved at bedriftene våre har oppdrag og deira tilsette arbeid. Med høg arbeidsløyse etter korona-pandemien er det eit eit mål i seg sjølv å skape aktivitet.

Arbeiderpartiet vil stemme for å gå vidare med nytt administrasjonsbygg. No skal vi få oversikt over kostnader, entrepriseform og potensiale for innsparing. Sjølv om vi er positive no betyr det ikkje at vi seier ja til kva beløp som helst, men vi trur det let seg gjere å bygge nytt utan at det vil gå utover andre tenester i kommunen. Det er ingen grunn til at vi skal leige når vi kan eige til same kostnad.