«Dette må vi få til, Liv Signe!»

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide (Raudt)  Foto: Gjert Myrestrand

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide (Raudt)

Liv Signe Navarsete har vore ute i media og oppsummert litt av det denne regjeringa har gjort m.a. med sentralisering. Og ho har tenkt høgt om kva som kan gjerast betre dersom vi klarer å få vekk Solberg-regjeringa neste haust og eit sterkt Sp kjem inn i regjeringskontora att.

Sjølv om ho nemner alle dei uheldige konsekvensane av kommune- og fylkessamanslåingane som eit godt døme på sentraliseringa, så er ho ikkje særskilt konkret når ho fortel kva som skal skje for å rette opp att ”alle feil i frå i går” som Prøysen syng om. -Med eit styrka Senterparti i regjering frå neste haust skal politikken leggjast om… Eg har tidlegare prøvd å få eit klart svar frå Trygve Slagsvold Vedum utan å lukkast. Så no spør eg deg Liv Signe: Kan vi rekne med at Sp vil kjempe for å reversere både Vestland fylke og Kinn kommune? Du var veldig klar og god når du i si tid gjekk imot desse samanslåingane i Stortinget. Kan du vere like klar på at du vil oppheve dei igjen?