«Trudde at med velstanden, vart alt betre. Ser no heller det motsette»

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad.   Foto: Illustrasjonsfoto

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Johan Sigdestad:

Las i avisa, for nokre dagar sidan, eit innlegg frå Elling Bortne. Han tok føre seg ein del av tilstandane vi har fått her til lands. Berre so fantastisk at det ikkje er andre som merkar det same.

Han dreg fram so mange gullkorn av kvardagslivet, utan at det tilsynelatande vert lagt merke til av nokon. Det ser ut som dei styrande får ture på, som dei vil.

For å ta «dei nære ting» fyrst, til dømes alle «propellane» som no vert plassert i hytt og pine, utan å ta omsyn til korkje grunneigarar eller natur. Det siste vert det alltid ropt høgt om, dersom ein grunneigar treng eit naust, eller liknande, då tel det mykje, at ikkje kven som helst får gå der dei vil.

So det viktigaste av alt, nedbyggjing av jord. Her til lands har vi vel minst dyrka jord av alle land. Lærte i si tid at vi hadde 5% av arealet i landet som var egna til matproduksjon. Dette er no minka til 3 %. Får dei halde fram vidare, må vi om kort tid kjøpe alt av mat frå utlandet. Det er sagt at det er for dyrt å produsere mat, her til lands. Kan so vere, men då kan vi seie det same om oljen. Den var mykje billigare, då vi fekk den frå utlandet.

Ellers er det ufatteleg at vi ikkje har oppdaga dette før, endå vi då var fatige, i høve til no. Før i tida, då vi var fatige var ikkje dette noko problem. Korleis kan det forklarast av dei styrande. Trudde at med velstanden, vart alt betre. Ser no heller det motsette.

Dei styrande klagar alltid på pengemangel, endå det aldri har vore so mykje før. No i overfloda må vi leggje ned for å spare. Det stikk motsette av sundt bondevet. Når vi no ser på våre naboland sin pengeverdi som går opp, og vår går ned , treng ein ikkje so mykje vet, for å skjøna at våre styrande er mildt sagt på villspor. Dei syter for å mjøle si eiga kake, og den no utgåande generasjonen, som har bygd opp tilhøva er det berre å gløyme.

Framfor vala, står dei fram og seiest å ha hjarteverk for «eldreomsorgen». Dagen etter, er det gløymt.